Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 11. jun 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentant Kjersti Toppe om å øke andelen institusjonsplasser i ideelle barnevernsinstitusjoner (Innst. 329 S (2025–2026), jf. Dokument 8:250 S (2025–2026))

Innlegget

Statsråden seier og skriv i brev til komiteen at regjeringa vil ha ein langsiktig og betydeleg andel ideelle, og at dei ideelle har ei viktig rolle. Dette representantforslaget handlar jo om ideell vekst, at ein skal få meir ideelle tilbydarar – ikkje som i dag, men altså meir ideelle tilbydarar. Eg registrerer at ein argumenterer mot eit absolutt prosentmål, men spørsmålet mitt er jo eigentleg veldig enkelt. Det er om regjeringa og statsråden vil ha vekst i ideell sektor, eller ikkje? Det er eigentleg eit spørsmålet som ein kan svara ja og nei på. Dei andre orda om betydeleg andel, langsiktige avtalar og at dei har ei viktig rolle, seier ikkje noko om andelen. Spørsmålet mitt er: Vil staten ha vekst i ideell sektor i barnevernet?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat