Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 11. jun 2026

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentant Kjersti Toppe om å øke andelen institusjonsplasser i ideelle barnevernsinstitusjoner (Innst. 329 S (2025–2026), jf. Dokument 8:250 S (2025–2026))
Innlegget
Eg vil gi ei stemmeforklaring. Senterpartiet kjem til å stemma for forslaga nr. 1, 4, 5, 7, 8 og 9, og så kjem vi subsidiært til å stemma for forslaga nr. 2, 3 og 6. Vi ønskjer å stemma imot tilrådinga. Eg har ein kommentar til slutt. Eg har jo vore på Stortinget i mange år, og eg synest det har vore gledeleg med eit stort tverrpolitisk engasjement for dei ideelle i helse- og omsorgstenestene generelt, men òg i barnevernstenester spesielt. Dei ideelle har jo vore i denne tenesta før òg, så dei har jo historisk sett drive fram og utvikla både barnevern og andre tenester, men i den situasjonen ein er i no, med eit marknadsbarnevern, treng vi faktisk politisk hjelp og politisk vilje dersom dei òg skal vera ein betydeleg faktor i barnevernstenestene i framtida. Difor er eg skuffa, og eg sit og tenkjer på at her har faktisk noko endra seg. Eg vil håpa og tru at det kan bli betre enn eg fryktar, men Senterpartiet kjem iallfall til å følgja med framover på kva slags oppdrag barnevernet får, for å prioritera dei ideelle. Eg synest òg at det vert spesielt når ein gir inntrykk av at på grunn av at ein skal ha kostnadskontroll og ikkje ha brot på bistandsplikta, kan ein ikkje ha eit mål om ideell vekst. Eg tenkjer ikkje at ideelle barnevernsinstitusjonar er dyrare eller dårlegare å ta i bruk i ein sånn situasjon, heller tvert imot. Eg får håpe at nokre av dei forslaga som får fleirtal i dag, kan få betydning – og dei som får støtte, er eg sjølvsagt veldig takknemleg for.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat