Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 11. jun 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Endringer i markedsføringsloven mv. (gjennomføring av direktivet om styrket forbrukervern i det grønne skiftet) (Innst. 395 L (2025–2026), jf. Prop. 38 LS (2025–2026))

Innlegget

Kvar dag tek me som forbrukarar val som påverkar både klima og miljø – ofte meir enn me er klar over. Gode forbrukarval har difor veldig stor betydning i arbeidet med både å få ned klimautsleppa og å skåne naturen. Eg vil takke saksordføraren for å ha gjort godt greie for dette lovforslaget. Det er rett og slett god forbrukarpolitikk Stortinget einstemmig vedtek i dag. Eg er glad for at me alle rett og slett skal bli verna betre mot det saksordføraren omtalte som grønvasking. Eg trur ikkje eg heller treng å bruke veldig mykje meir tid enn det, men vil seie at eg er glad for at Stortinget einstemmig vedtek denne saka.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Lene Vågslid (Arbeiderpartiet) — Innlegg · 11. jun 2026 — OverStortinget