Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 11. jun 2026

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Endringer i barnevernsloven (bedre beskyttelse av barn på institusjon) (Innst. 362 L (2025–2026), jf. Prop. 86 L (2025–2026))
Innlegget
Eg er glad for at komiteens fleirtal støttar lovforslaga i proposisjonen. Som fleire har vore inne på, byggjer dette lovforslaget på anbefalingar frå eit ekspertutval som nyleg vurderte tiltak overfor barn som gjer gjenteke eller alvorleg kriminalitet. Dette er òg ei vidare oppfølging av kvalitetsløftet i barnevernet. Barnevernet skal gje nødvendig hjelp, omsorg og beskyttelse til dei mest sårbare barna våre. Stadig fleire barn på barnevernsinstitusjonane våre har større og meir samansette utfordringar. Me har òg, som fleire har vore inne på, sett ei bekymringsfull utvikling, særleg når det gjeld svært unge barn som gjer kriminalitet. Det å gje barnevernet nødvendig verktøy er ein heilt sentral del av regjeringas plan for Noreg. Det er viktig at alle institusjonar har tilgang til meir omfattande inngrep i barnas rett til besøk og bruk av mobil og internett. Eg er einig i at dette heilt klart er inngripande, men det er etter regjeringas meining nødvendig for å hindre at barn utset seg sjølv og andre for skade, og for å hindre rekruttering til kriminalitet. Eg er glad for at fleirtalet i komiteen stiller seg bak forslaga som skal gje barna betre beskyttelse. Barn kan få opphald i ein barnevernsinstitusjon når dei utset si eiga utvikling for alvorleg fare, f.eks. knytt til kriminalitet. I dag kan det opphaldet avsluttast, sjølv om barnet framleis har både den same risikoåtferda og behov for eit vidare opplegg. Difor er eg glad for støtte til forslaget som legg til rette for å forlengje opphaldstidene. Det skal gje barn lengre tid og betre utsikter til eit godt liv. Og for å styrkje barns rettssikkerheit skal det, som det står i lovforslaget, innførast hyppigare rettsleg kontroll. Grunnplanken i institusjonstilbodet skal framleis vere eit godt miljøterapeutisk arbeid, basert på medverknad, samarbeid og tillit. Inngrep skal alltid vere siste utveg og må vere til barnets beste. Regjeringa vil arbeide vidare med å styrkje kompetansen i barnevernsinstitusjonane, og eg vil her særleg vise til opplæringsprogrammet om tryggleik og sikkerheit, der tilsette får trening i å førebyggje og handtere konfliktar og inngrep. Me arbeider òg med ei langsiktig omstilling av institusjonstilbodet, slik at barn skal få meir ro og meir stabilitet. Det kan òg førebyggje bruk av tvang, og eg er einig med komiteen i at dette arbeidet er heilt avgjerande for å lykkast. Det kviler eit tungt ansvar på staten i å beskytte barn under offentleg omsorg, og eg er difor glad for støtte til lovforslaga, som skal gje nødvendig omsorg og beskyttelse.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat