Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 11. jun 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Endringer i barnevernsloven (bedre beskyttelse av barn på institusjon) (Innst. 362 L (2025–2026), jf. Prop. 86 L (2025–2026))

Innlegget

Veldig kort tid etter at eg blei barne- og familieminister, mottok eg rapporten frå Storberget-utvalet. Den utviklinga me alle såg i fjor, med fleire alvorlege hendingar knytte til svært unge barn som gjorde kriminalitet, så meinte eg og regjeringa at det hasta å kome til Stortinget med endringar. Difor har me arbeidd veldig raskt for å kome til Stortinget no med endringane som no er føreslått, for å sikre betre verktøy for barnevernsinstitusjonane til å kunne beskytte barna på ein betre måte, særleg når det gjeld risikoen for å utsetje seg sjølv eller andre for fare. Resten av arbeidet held me òg på med. Me har bl.a. gjeve diverse utgreiingsoppdrag. Så er det for tidleg for meg å gje representanten ein dato for når me kjem til Stortinget med det, men det er ein heilt sentral del av oppfølginga av heile Storberget-utvalet og òg ein sentral del av arbeidet med kvalitetsløftet, som Stortinget har slutta seg til.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat