Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 11. jun 2026

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Endringer i barnevernsloven (bedre beskyttelse av barn på institusjon) (Innst. 362 L (2025–2026), jf. Prop. 86 L (2025–2026))
Innlegget
Eg meiner at det lovforslaget me har til behandling i dag, viser utolmodigheita både i mitt departement og i regjeringa. Det at me allereie no – og det er eg veldig glad for, for det er brei støtte i salen – får vedtatt endringar i barnevernslova som gjer at me kan beskytte barn på institusjon på ein langt betre måte enn i dag, er i seg sjølv veldig, veldig bra. Eg er òg glad for støtta frå Framstegspartiet. Så er det fleire utgreiingar som gjenstår, f.eks. det representanten tek opp, med forsterkningar, men vi har jo allereie pilotar, som er forsterka institusjonar, som me òg må evaluere kunnskapen frå. Det er veldig mykje som skjer i institusjonsbarnevernet no, samtidig. Difor er eg òg oppteken av at det me gjennomfører, skal me gjennomføre med god kvalitet, det skal vere godt nok gjennomtenkt og utgreidd, og det at Stortinget i dag vedtek denne lova, er ein kjempeviktig del av det arbeidet.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat