Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 11. jun 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Endringer i barnevernsloven (bedre beskyttelse av barn på institusjon) (Innst. 362 L (2025–2026), jf. Prop. 86 L (2025–2026))

Innlegget

Eg er heilt einig i at den rapporten er viktig, og han peika på ein del alvorlege forhold når det gjeld vår organisering av institusjonsbarnevernet. Det eg nok synest er litt merkeleg i forslaget som er fremja frå Høgre i dag, er at det ser ut som at ein hoppar bukk over ganske store delar av det Stene-utvalet faktisk sa. Det rapporten er veldig tydeleg på, er at dei endringane dei tek til ordet for, må skje trinnvis. Rapporten åtvarar eigentleg mot å gjere alt på ei gong, òg fordi rapporten til Stene-utvalet erkjenner at det aleine, eller sluttresultatet dei legg opp til, ikkje vil vere rett å gjere på kort sikt. Det er årsaka til at me ikkje kan støtte eit slikt forslag. Stortinget vedtok kvalitetsløftet i fjor – eit vedtak som utvalsleiar Erik Stene sjølv omtalar som eit paradigmeskifte i institusjonsbarnevernet. Og eg er veldig oppteken av, som ansvarleg statsråd, å gjere ting her i rett rekkjefølgje og på ein god måte.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat