Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 11. jun 2026

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Endringer i barnevernsloven (bedre beskyttelse av barn på institusjon) (Innst. 362 L (2025–2026), jf. Prop. 86 L (2025–2026))
Innlegget
Eg er heilt ueinig i premissen for spørsmålet. Eg meiner at lovforslaget me legg fram i dag, bidreg til å gje barnevernsinstitusjonane likare og betre verktøy. Me styrkjer barns rettssikkerheit òg i lovforslaget – det meiner eg er godt teke vare på – og så er me tydelege på, det sa eg i innlegget mitt, at dei mest inngripande tiltaka er siste utveg. Det skal framleis vere slik at det er godt miljøterapeutisk arbeid, relasjonsarbeid og tillit som må byggjast i barnevernsinstitusjonane i Noreg. Eg har besøkt mange av dei, og der jobbar det veldig kompetente, dyktige tilsette, som er betre på dette, trur eg, enn både representanten og eg. Me tek òg arbeidet med sikkerheit og opplæring på alvor, i tillegg til at me kjem til å sikre at det blir sett av meir pengar til å følgje opp tilsette i arbeidet med nytt lovverk. Så eg er ikkje einig i premissen for spørsmålet.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat