Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 11. jun 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Endringer i barnevernsloven (bedre beskyttelse av barn på institusjon) (Innst. 362 L (2025–2026), jf. Prop. 86 L (2025–2026))

Innlegget

Eg meiner det er gode spørsmål, og eg meiner òg at me har gjort godt greie for det i lovforslaget. Blant anna føreslår me hyppigare rettsleg kontroll. Me føreslår periodisk kontroll kvar sjette månad, slik institusjonsutvalet føreslo. I tillegg styrkjer me òg barns rettssikkerheit med tanke på medverknad, høve til å klage osv. Dette er eit kjempeviktig område. Tru meg på det – eg deler representantens både syn og meiningar om at når me gjer endringar som dette, må barns rettssikkerheit bli ivareteken godt. Eg høyrer det eigentleg frå alle partia i komiteen, og difor vil eg gjenta at me kjem til å evaluere desse reglane etter tre år, der me særleg skal ha blikk på akkurat det representanten tek opp.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat