Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 11. jun 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Endringer i barnevernsloven (bedre beskyttelse av barn på institusjon) (Innst. 362 L (2025–2026), jf. Prop. 86 L (2025–2026))

Innlegget

Eg vil prøve å svare ut litt på spørsmåla eg fekk. Eg fekk òg eit spørsmål frå KrF i stad som eg gløymde å svare på i replikkordskiftet, så då kjem det her. Til spørsmålet om rettssikkerheit: Eg meiner det er veldig tydeleg i lovforslaget, både når det gjeld krav til dokumentasjon, protokoll og klageåtgang. Institusjonen skal dokumentere inngripande grenser og inngrep og skal sende protokollane til statsforvaltaren. Statsforvaltaren skal kontrollere om grenser og inngrep, samla sett og isolert, er nødvendige for å ivareta barnet. I tillegg fører dei tilsyn med institusjonane og det enkelte barn. Barn skal òg kunne medverke i institusjonen si avgjerd om grenser og inngrep og kan klage til statsforvaltaren. Det er oppretta ein eigen klageportal for barn, som skal gjere det enklare å klage. Eg har òg sett, på enkelte institusjonar eg har besøkt, at ein har blitt veldig mykje flinkare, vil eg seie, til å henge opp informasjon på institusjonen, slik at barn skal vite kor dei kan vende seg. Institusjonen skal òg hjelpe barn som ynskjer å klage, og eg understrekar – som komiteen – at tilsette òg må leggje til rette for at barn kan få bistand av andre. Igjen vil eg gjenta at me skal evaluere desse lovendringane etter tre år, særleg i ljos av rettssikkerheitsspørsmål. Kristeleg Folkeparti spurde meg i stad om kompetanse. Det er det viktig å svare på, for det må ikkje bli ei misforståing rundt at ein har endra på kravet til masterutdanning i det kommunale barnevernet og kompetansekrava som ligg i institusjonsbarnevernet. Å styrkje kompetansen i institusjonsbarnevernet er eit pågåande arbeid. Alle institusjonar må sikre nødvendig bemanning og kompetanse. Tydelegare krav til kompetanse i institusjonsbarnevernet har no ført til fleire tilsette med relevant utdanning. Det er òg nyleg utvikla eit fagleg rammeverk for arbeidet i barnevernsinstitusjonane, som gjev eit meir strukturert og kunnskapsbasert grunnlag for vidare kompetanseheving. Til debatten om oppfølginga av Stene-utvalet: Regjeringa arbeider kontinuerleg med å følgje opp kritikken og situasjonen, som handlar om kostnadskontroll, kapasitet og kvalitet. Grunnkapasiteten er styrkja i institusjonsbarnevernet, sjølv om det framleis er behov for vidare arbeid der. Me er godt i gang med oppfølginga av områdegjennomgangen, og me har varsla at me kjem til å kome tilbake til Stortinget i forbindelse med statsbudsjettet, med ei vurdering av Stene-utvalet. Det er forskjell på å kome til Stortinget med forslag til konkrete lovendringar og organisatoriske grep, så eg oppfattar framleis at me er litt ueinige om kva som er forventa her.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat