Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 11. jun 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Remi Sølvberg og Hege Bae Nyholt om å avvikle anbudssystemet i institusjonsbarnevernet (Innst. 333 S (2025–2026), jf. Dokument 8:202 S (2025–2026))

Innlegget

Arbeidarparti-regjeringa sitt viktigaste mål på institusjonsområdet er veldig tydeleg: Alle barn som ikkje kan bu heime, skal få eit tilpassa og godt tilbod når dei treng det. Dette krev tilstrekkeleg kapasitet, og samtidig må me ha kontroll på kostnadene. Føreseielegheit for aktørar i sektoren bidreg til dette. Bakgrunnsbiletet er at institusjonsbarnevernet har vore og framleis er – som fleire er inne på – under press. Bufetat har hatt store utfordringar med å oppfylle bistandsplikta. Særleg i 2023 og 2024 var det mange bistandspliktbrot. Situasjonen er framleis krevjande, men med ei klar forbetring i 2025 og hittil i 2026. Me har hatt hovudtilnærminga fleire plassar og betre utnytting av eksisterande kapasitet. Dette arbeidet må fortsetje. Me må i tillegg omstille tilbodet i retninga me beskreiv i kvalitetsløftet, som Stortinget slutta seg til. Arbeidarparti-regjeringa ynskjer å styrkje det offentlege og ideelle tilbodet i barnevernet, og me ynskjer å redusere bruken av anbod. Samtidig erkjenner me at private, kommersielle aktørar framleis vil ha ei rolle i det statlege barnevernet. Me må difor leggje til rette for at aktørane kan byggje langsiktig kapasitet, og linja er klar: langsiktig samarbeid med seriøse aktørar. Me er klare på at det offentlege skal vere i førarsetet. Difor har me styrkt dei statlege institusjonane betydeleg. Høg statleg kapasitet gjer oss i betre stand til å sikre at kjøp av tenester skjer innanfor faglege, økonomiske rammer og i mindre grad ut frå avhengigheit av private leverandørar. Auka grunnkapasitet reduserer òg behovet for kortsiktige enkeltkjøp, som eg høyrer at me er ganske einige om at me må ha mindre av. Stabilitet og langsiktigheit er nykelen til fagleg og kvalitetsmessig utvikling. I tillegg til å auke den statlege kapasiteten har regjeringa prioritert langsiktige rammeavtalar med kjøpsgarantiar med ideelle aktørar, men også med kommersielle aktørar for å byggje langsiktig kapasitet. Det me allereie gjer, inkludert omstilling mot ei ny innretning av institusjonsbarnevernet i kvalitetsløftet, vil redusere enkeltkjøp og omfanget av anbod generelt. Eg vil åtvare mot å leggje andre føringar på sektoren no. Konsekvensane av dette forslaget vil vere dramatiske, og me vil antakeleg undergrave dei andre prosessane som no går føre seg for å utvikle Bufetat sitt tilbod. Eg viser òg til – som det står i innstillinga – at Stortinget avviste eit liknande forslag for ikkje så mange år sidan, og det meiner eg Stortinget bør gjere i dag òg.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat