Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 11. jun 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Remi Sølvberg og Hege Bae Nyholt om å avvikle anbudssystemet i institusjonsbarnevernet (Innst. 333 S (2025–2026), jf. Dokument 8:202 S (2025–2026))

Innlegget

Som i innlegget mitt, meiner eg at konsekvensane av å vedta forslaget som ligg til behandling i dag, ville ha vore dramatiske. Me står i ein situasjon der me må sikre betre både styring og kostnadskontroll i sektoren. Me jobbar intenst med å få på plass fleire langsiktige rammeavtaler. Som eg har svara mange gonger i Stortinget sidan eg blei barne- og familieminister, ynskjer me både å styrkje den statlege grunnkapasiteten – det har me gjort, det må me fortsetje med – og eit betydeleg innslag av ideelle aktørar, men me må òg ha med dei kommersielle. Det er òg styringssignala Bufdir har fått, og det meiner eg er nødvendig for å løyse dei største problema. No har me heldigvis sett ei veldig positiv utvikling når det gjeld brot på bistandsplikten. Det var særleg krevjande i 2023 og 2024. No ser me stor forbetring. La meg likevel understreke at dei ideelle har ei historisk viktig rolle i barnevernet, og det skal dei framleis ha òg med Arbeidarpartiet i regjering.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat