Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 11. jun 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Remi Sølvberg og Hege Bae Nyholt om å avvikle anbudssystemet i institusjonsbarnevernet (Innst. 333 S (2025–2026), jf. Dokument 8:202 S (2025–2026))

Innlegget

Bufdir har god både dialog og kontakt med alle aktørar. Eg meiner sjølv det er viktig å ha kontakt med alle aktørar på barnevernsfeltet. Eg har særleg god kontakt med dei ideelle aktørane, bl.a. fordi me har ein intensjonsavtale eg har fortsett arbeidet med etter forgjengaren min, Kjersti Toppe. Eg står veldig tydeleg på bodskapet om at det for Arbeidarpartiet er viktig med eit betydeleg innslag av ideelle. Eg registrerer at nokon kanskje har forsøkt å skape litt tvil rundt det. Det meiner eg det ikkje er nokon grunn til. Sjølv om eg i dag ikkje meiner den rette måten å styre dette på er etter litt stivbeinte prosentmål, har eg tru på god dialog med aktørane i sektor, der me òg i måten me styrer barnevernet på, har veldig god dialog med dei som kan tilby gode barnevernstenester. Det er det veldig mange ideelle som kan, og me har òg fleire gode kommersielle tilbydarar i barnevernet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat