Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 11. jun 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Remi Sølvberg og Hege Bae Nyholt om å avvikle anbudssystemet i institusjonsbarnevernet (Innst. 333 S (2025–2026), jf. Dokument 8:202 S (2025–2026))

Innlegget

Dette var heilt sentralt i behandlinga av kvalitetsløftet. Det er heilt avgjerande at alle ungar i dette landet, òg dei som i ein kort eller lengre periode bur på ein barnevernsinstitusjon, har god tilgang på helsehjelp. Difor har eg no besøkt fleire av dei pilotane som er sette i gang, bl.a. i representantens heimfylke. Det arbeidet er spennande å følgje med på, for dei gjer det på litt ulike måtar. I bergensområdet har dei f.eks. ein litt annan modell enn ein nær tun-modell. Dei pilotane som er i gang, vil gje oss eit veldig viktig grunnlag for å sikre gode ambulante helseteam i den nye innrettinga av institusjonsbarnevernet. Det eg særleg ser, er at ein i desse pilotane får til det eg trur me alle ynskjer: betre koordinering mellom tenestene, som gjer at ungane får betre helsehjelp. (Innlegg er under arbeid)

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat