Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 11. jun 2026

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Remi Sølvberg og Hege Bae Nyholt om å avvikle anbudssystemet i institusjonsbarnevernet (Innst. 333 S (2025–2026), jf. Dokument 8:202 S (2025–2026))
Innlegget
Eg har mange tankar om det, og i oppfølginga av diskusjonen i stad om Stene-utvalet, har me òg i Stortinget hatt ein del diskusjonar om situasjonen når det gjeld Oslo og den ulike organiseringa som er der. Eg vil berre melde at eg er i god dialog med Oslo kommune for å følgje opp både vedtaket og arbeidet med å sjå på organiseringa for dei. Arbeidarpartiet ynskjer, og det står tydeleg i vårt partiprogram òg, å redusere bruken av anbod. Så pragmatisk er eg kanskje ikkje i møte med Høgre. Det me ynskjer, er at det offentlege skal vere i førarsetet òg i barnevernet, og det å byggje opp den statlege grunnkapasiteten er difor heilt sentralt i det. Der har me auka kapasiteten med om lag 14 pst. sidan 2021, og det vil framleis vere ein veldig viktig prioritet for meg som barne- og familieminister.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat