Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 11. jun 2026

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Remi Sølvberg og Hege Bae Nyholt om å avvikle anbudssystemet i institusjonsbarnevernet (Innst. 333 S (2025–2026), jf. Dokument 8:202 S (2025–2026))
Innlegget
Eg trur òg eg sa det i mitt innlegg: Føreseielegheit er heilt avgjerande her. Det verkar som at dei fleste partia meiner at me må få ned andelen enkeltkjøp, fordi det både kostar veldig mykje pengar og er heller ikkje nødvendigvis alltid den beste løysinga. Så det å få på plass langsiktige gode rammeavtaler er heilt sentralt. Så meiner eg at Arbeidarpartiet, òg gjennom kvalitetsløftet som famnar breitt, no har teke tak i ganske mange sentrale delar av det statlege barnevernet. Her vil eg gje ros til min forgjengar, Kjersti Toppe, som òg sette i gang eit veldig viktig arbeid for å få til den omstillinga me no skal inn i. Dette veit alle i denne komiteen, og eg treng ikkje seie det til dykk. Men eg opplever av og til at debatten om barnevernet blir litt forenkla. Dette er dei mest sårbare ungane me her i landet. Dei er veldig ulike og har veldig samansette behov, langt meir samansette behov i dag enn kanskje for berre ti år sidan. Det betyr at det kviler eit stort ansvar på omstillinga av barnevernet, og då må alle gode krefter med.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat