Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 11. jun 2026

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Remi Sølvberg og Hege Bae Nyholt om å avvikle anbudssystemet i institusjonsbarnevernet (Innst. 333 S (2025–2026), jf. Dokument 8:202 S (2025–2026))
Innlegget
Eg refererte til partiprogrammet i stad. Arbeidarpartiet ynskjer å redusere bruken av anbod, og me ynskjer å styrkje den statlege grunnkapasiteten. Det meiner eg me òg har vist at me er godt i gang med, og det vil framleis vere viktig for meg. Samtidig synest eg nokre av desse debattane illustrerer at me snakkar veldig mykje om systemet. Me må òg hugse på at dette er ungar som treng hjelp, ofte veldig raskt. Eg synest det er alvorleg at talet på brot på bistandsplikta var så høgt i 2023 og 2024. Slik kan me ikkje ha det. Difor har me veldig tydeleg gjeve styringssignal til Bufdir om at me òg skal ha kommersielle i totalkapasiteten i institusjonsbarnevernet. Men eit betydeleg innslag av ideelle er ikkje viktig berre på grunn av politisk ideologi. Det er reint faktisk viktig, for dei ideelle si rolle i barnevernet er historisk betinga. Dei har ofte veldig gode tilbod, og difor har eg òg vore oppteken av å styrkje dialogen med dei.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat