Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 11. jun 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Remi Sølvberg og Hege Bae Nyholt om å avvikle anbudssystemet i institusjonsbarnevernet (Innst. 333 S (2025–2026), jf. Dokument 8:202 S (2025–2026))

Innlegget

Eg ynskjer så absolutt å samarbeide godt på raud-grøn side. Sjølv om me kanskje ikkje er einige i alle delar av denne saka, deler me jo synet på at det offentlege bør vere i førarsetet. Me er einige om at det ideelle skal ha ein betydeleg andel i barnevernet. Representanten starta med å vise til tun-modellen og det som låg i Kvalitetsløftet. Det er store ting som skal skje i institusjonsbarnevernet, som kan gjere denne delen av barnevernet så utruleg mykje betre for dei ungane me no trass alt skal ta vare på, så eg kjem framleis til å vere tydeleg på at me må ha god kostnadskontroll og styring av denne sektoren. Me skal ha ned brota på bistandsplikta. Eg er ikkje fornøgd før me er på null, og så skal me fortsetje det gode raud-grøne samarbeidet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat