Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 11. jun 2026

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kjersti Toppe, Bengt Fasteraune og Bent-Joacim Bentzen om et gratis og likeverdig kremasjonstilbud (Innst. 334 S (2025–2026), jf. Dokument 8:209 S (2025–2026))
Innlegget
Representantforslaget har gjeve merksemd til viktige spørsmål om gravferd. Komitéinnstillinga tek opp endå fleire både lokale og nasjonale utfordringar på dette området. Eg er glad for at ein set temaet på dagsordenen, både fordi det gjeld veldig mange i landet vårt, og fordi det grensar opp til eit arbeid som me driv mykje med i departementet mitt om dagen. Det er eit faktum at fleire skal døy dei neste åra, når me ser på SSB sine befolkningstal, og befolkningsframskrivingane må me forhalde oss til. Difor er det fornuftig å planleggje for varsla endringar både i kommunane, som har ansvaret, og nasjonalt. Eg har merka meg dei fire enkeltforslaga representantane fremjar, dei sju mindretalsforslaga i innstillinga og dei lause forslaga som Toppe no refererte, og fleire av dei dreiar seg om korleis me skal handtere aukande dødstal. Eg er av den klare oppfatninga, som eg trur dei fleste her er, at staten ikkje bør ha ei meining om etterlatne skal velje kremasjon eller kistegravlegging. Det må liggje til den enkelte og dei pårørande å avgjere. Det offentlege skal derimot leggje til rette for at gravlegging kan skje med respekt for religionen eller livssynet til den avdøde. I tillegg skal tradisjonar og ritual kunne gjennomførast på ein verdig måte. Forslag om ei ordning for godkjenning av gravferdsbyrå blei drøfta i eit Dokument 8-forslag så seint som i desember 2024, og det er ikkje dokumentert problem i eit omfang som tilseier at staten bør gå inn med nye reglar og tilhøyrande kontrollapparat for det eg meiner er ein velfungerande sektor. Eg kan heller ikkje sjå at det er mykje som har endra seg sidan 2024, og som tilseier at det skulle stille seg annleis no. Eg registrerer òg forslaget om å avvikle kremasjonsavgifta og er einig med dei partia som seier at dette er eit budsjettspørsmål. Det vil vere ganske store summar det er snakk om. Til forslaget om stønad til båretransport, som bl.a. SV refererte til, vil eg vise til at arbeids- og inkluderingsministeren har sett i gang ein gjennomgang av dagens ordning, men at det er litt for tidleg å seie noko om resultata av han. Ein god gravferdspolitikk handlar om å førebu oss på framtida. Difor ser me no på korleis me best kan møte forventningane om aukande dødstal og eit aukande ynske om kremasjon i tida som kjem. Det er viktig at folk kan vere trygge på at det er tilstrekkeleg kapasitet på gravplassane og i krematoria til å kunne gravleggje sine kjære med orden og verdigheit. Regjeringa er oppteken av gravferd, gravplassar og krematorium som ei viktig teneste i kommunar, nær folk, og som ein del av norsk beredskap. Det å vere pårørande i ein slik situasjon er tøft nok i seg sjølv. Difor er det viktig med god informasjon. Eg vil melde om at me her har godt samarbeid med sektoren når det gjeld korleis me f.eks. kan forbetre prisopplysningsforskrifta.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat