Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 11. jun 2026

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kjersti Toppe, Bengt Fasteraune og Bent-Joacim Bentzen om et gratis og likeverdig kremasjonstilbud (Innst. 334 S (2025–2026), jf. Dokument 8:209 S (2025–2026))
Innlegget
Det er viktig at folk kan vere trygge på at det er tilstrekkeleg kapasitet ved gravplassane og krematoria. Eg rakk ikkje å seie det i stad, og difor tok eg ordet på nytt – òg litt for å svare på utfordringane som kjem frå SV: Departementet utgreier eit nytt regelverk for krematoria. Me har òg frå Barne- og familiedepartementet gjeve tilskot til KA, som har utarbeidd ein rapport som dokumenterer utfordringane med kremasjon dei neste ti åra. Her har organisasjonar det vedkjem, òg gjeve sine synspunkt på rapporten, som er eit viktig grunnlag for det arbeidet me gjer no. Sjølv om ikkje forslaget får fleirtal her i dag, betyr ikkje det at me ikkje er interesserte i vidare dialog med fleire av partia om tematikken me snakkar om, både i eit langsiktig beredskapsperspektiv og i det perspektivet SV trekkjer fram. Er det noko Arbeidarpartiet står saman med dei raud-grøne partia om, er det at me saman må gjere meir for å få ned forskjellane mellom folk. Me må òg gjera meir for at folk sitt møte med det offentlege når ein står i ein så vond situasjon som når ein har mista nokon, blir enklare. Her har ein f.eks. gjort ein del digitaliseringsgrep, som Digitalt dødsbu og andre ting, som òg skal gjere det enklare for etterlatne og pårørande når dei står i ein vanskeleg situasjon. Så til spørsmålet om private: Dagens lovverk opnar ikkje for private, kommersielle krematorium, og som komiteen er kjent med, har departementet fått fleire søknader frå private som vil opprette private krematorium i Noreg, og fått avslag. Eg vil ikkje seie at det er eit mål i seg sjølv at kremasjon skal vere ei offentleg oppgåve, men det kan likevel vere den beste løysinga. I heile Norden er det kyrkjer eller kommunar som driv krematorium i dag, og den ordninga har fungert godt òg her i Noreg. I Finland og Sverige er det ikkje lov for kommersielle selskap å drive krematorium. I Danmark og Finland gjeld eit utbytteforbod. Så sjølv om ordlyden i gravplassloven ikkje uttrykkjeleg avgjer spørsmålet, meiner me at det følgjer av det samla rettskjeldebildet at gravplassloven ikkje opnar for at private, kommersielle aktørar kan få tillating til å etablere krematorium, noko som òg er årsaka til avslaget.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat