Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 11. jun 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Tone Wilhelmsen Trøen, Haagen Poppe, Tage Pettersen og Mathias Willassen Hanssen om å løse fosterhjemskrisen (Innst. 331 S (2025–2026), jf. Dokument 8:242 S (2025–2026))

Innlegget

Fyrst vil eg takke komiteen for arbeidet med innstillinga. Det er ingen tvil om at me har utfordringar på fosterheimsområdet, og eg har stor forståing for det utolmodet som mange i salen kjenner på, særleg på vegner av dei barna det handlar om her, som må vente før dei får eit tilbod om ein fosterheim som er godt nok eigna for dei behova dei har. For å møte utfordringane har regjeringa sett inn ei rekkje tiltak dei siste åra. Tiltaka inneber betydelege løft for fosterheimsomsorga. Me har bl.a. styrkt Bufetat som andrelinjeteneste i fosterheimsarbeidet og lagt til rette for tettare samarbeid mellom Bufetat og kommunane, lovfesta meir avgjerdsmyndigheit for fosterforeldre i kvardagen og lovfesta at frikjøpte fosterforeldre skal kompenserast for manglande opptening av pensjon. Fosterheimsmeldinga, som blei referert til, er i aller høgste grad i arbeid, og fleire ting er sette i verk for veldig kort tid sidan. Det betyr ikkje at me er i mål med det, men det betyr at fosterheimsomsorga er under endring. Det er viktig at dei nye tiltaka som er sette i verk, òg får litt tid til å verke, og at me ikkje forhastar oss med tiltak som ikkje er godt nok greidde ut. I verste fall vil det kunne undergrave tiltak som nyleg er sette i verk, eller framleis er under utrulling. Det kan òg undergrave enkelte av forslaga og oppgåvefordelinga mellom stat og kommune på barnevernsfeltet. Då tenkjer eg kanskje særleg på forslaget om bistandsplikt for spesialiserte fosterheimar. Det kan få uheldige, systemendrande konsekvensar om det blir teke rett vidare. Det er risiko for at ei slik bistandsplikt i realiteten vil innebere starten på ei overføring av ansvaret for fosterheimsomsorga frå kommunane til staten. Me veit at sjølv små endringar i regelverk og insentiv kan få konsekvensar i form av vridingar i kva for tiltak som blir valde for barna. Tiltak som over tid kan svekkje insentivet kommunane har til å prioritere fosterheimsarbeidet sitt, vil kunne undergrave det langsiktige arbeidet regjeringa har sett i gang for å styrkje rammene rundt dei kommunale fosterheimane. Me må òg hugse – og det er det fleire som har vore inne på før meg – at det å vere fosterheim er noko anna enn å ha ein ordinær jobb. Barna skal vekse opp i ein heim, ikkje på ein arbeidsplass. Høgsterett har òg nyleg bekrefta at beredskapsheimar er riktig klassifiserte som oppdragstakarar, ikkje arbeidstakarar. Eg er einig med forslagsstillarane og komiteen i at det er behov for å vurdere ytterlegare tiltak. Eg meiner at det er viktig at desse òg baserer seg på eit solid og oppdatert kunnskapsgrunnlag. Så kjem eg tilbake med meir i eit seinare innlegg.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat