Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 11. jun 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte torsdag den 11. juni 2026 kl. 10

Innlegget

For det fyrste er eg heilt sikker på at det Benjamin Jakobsen meinte, var at det ikkje er ein kvikkfiks når det gjeld utfordringane med å rekruttere nok fosterheimar til alle dei ungane som treng det. Men det er klart at me kan gjere mange vedtak på både regelverk og arbeid i budsjett, og eit av dei viktige tiltaka meiner eg har vore det som blei iverksett 1. januar i år, der ein sikrar kompensasjon for tapt tenestepensjon. Me var begge til stades då fosterheimsundersøkinga kom og fylgjer ho med interesse. Det er nok fleire av dei tiltaka som nettopp er sette i verk, særleg kanskje det med kompensasjon for bortfall av tenestepensjon, og som kanskje ikkje er fanga opp i den undersøkinga. Eg trur me må gjere ganske mykje – fleire ting. I tillegg til økonomi har eg stor tru på det arbeidet som ein no skal gjere i kompetansestøtteteamet i Bufetat. Me veit at veldig mange fosterforeldre opplever at dei får for lite hjelp, støtte og rettleiing.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat