Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg tenkjer at slik kan me ikkje ha det. Me er nøydde til å klare å rettleie og fylgje opp fosterforeldre betre. Dette er familiar som tek på seg nokon av dei kanskje aller viktigaste oppdraga, og me treng fleire av dei. Difor er det utruleg viktig både at ein fekk vedteke fosterheimsmeldinga her i Stortinget og at ein no heilt konkret fylgjer ho opp. Sjølv om eg har sagt det mange gonger som svar på mange spørsmål, er eg heilt sikker på at det kompetansestøtteteamet vil bety mykje. Eg har veldig stor tru på det arbeidet me no gjer med å ha pilotar for å forsterke samarbeidet mellom Bufetat og kommunane. Eg har òg tru på arbeidet me skal gjere på kommunale butiltak for å sjå på andre alternativ for ungdom som ikkje kan bu heime. Så meiner eg at når det gjeld dei rammene som er rundt fosterforeldre, må me alltid vurdere nye tiltak, men at ein del av dei som nettopp er sette i verk, må få tid til å verke.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
