Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Dette er veldig gode spørsmål. Eg er i gang med arbeidet for ein nasjonal kompetanseplan for det kommunale barnevernet. Det har eg stor tru på, for det skal me gjere i samarbeid med – naturleg nok – kommunesektoren og mange relevante aktørar. Det er kommunane som har ansvaret for det kommunale barnevernet, men me kan òg gjere meir for å styrkje rammene rundt det arbeidet. No har me hatt eit forsøk – og har det framleis – med å rettleie det fyrste året. Det er eg ei veldig spent på og å hauste erfaringane frå når det gjeld nytilsette i barnevernet. Så har eg òg tru på nærrekrutteringsarbeid. Me har sett gode eksempel frå f.eks. Bufetat, region vest, der ein no har lykkast veldig godt med nærrekruttering av fosterheim. Eksempelvis forstod eg det slik at ein i større grad fekk inn familiar som kunne vere interesserte utan at dei måtte forplikte seg med ein gong. Me må gjere meir for å rekruttere fleire, slik at barn får ein fosterheim som passar dei.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
