Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 11. jun 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte torsdag den 11. juni 2026 kl. 10

Innlegget

Det forsikrar eg meg gjennom at eg no har gjeve Bufdir i oppdrag å kartleggje dette, både kartleggje korleis fosterforeldra blir følgde opp reint økonomisk, men òg korleis fosterforeldra blir følgde opp med rettleiing og støtte. Me har litt for tynt datagrunnlag på dette, og eg meiner det er viktig at me har eit endå betre kunnskapsgrunnlag på korleis dette blir praktisert rundt om i kommunane. Me har grunn til å tru at det er litt store forskjellar, og me har vel alle, når me reiser rundt i landet, besøkt kommunar som er veldig gode på å følgje opp sine fosterforeldre, mens andre kan ha større utfordringar. Så det oppdraget eg har gjeve der, i kombinasjon med etablering av kompetansestøtteteamet, meiner eg er gode tiltak.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat