Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Som representanten viser til, er det heilt rett at me styrkte dei prosesuelle rettane til fosterforeldre når det gjeld dette med klagerett på flyttevedtak i forbindelse med fosterhjemsmeldinga. Vi jobbar no med utgreiingsoppdrag for å følgje opp òg dei andre oppmodingsvedtaka. Me må gjera denne jobben på ein skikkeleg, god måte. Me er opptekne av at eventuelle lovendringar me skal koma tilbake til Stortinget med, må byggje på eit godt kunnskapsgrunnlag. I dette er det slik at fosterforeldre har ei veldig viktig rolle i barns liv. Samtidig er fosterforeldre ei samansett gruppe, og ei sentral problemstilling vil vere korleis forholdet mellom dei prosessuelle rettane til fosterforeldra skal vere, balansert mot foreldra sin rett til familieliv. Så me kjem til å kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
