Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
For å vere veldig presis: Det er i arbeidet med å følgje opp oppmodingsvedtak 441, om styrking av dei prosessuelle partsrettane til fosterbarn og fosterforeldre ved tilbakeføring, at me jobbar med eit utgreiingsoppdrag. Som eg sa i stad, er dette eit arbeid som me må gjere ganske grundig. Det er ganske mange omsyn me må balansere her, og det er eg veldig klar over at representanten òg godt veit. Me er nøydde til å sjå på både grunnleggjande menneskerettar og ulike interesser, for dette vil kunne få ganske betydelege konsekvensar. Så eg kan dessverre ikkje seie meir enn at me kjem til å kome tilbake på eigna måte til Stortinget.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
