Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 11. jun 2026

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentant Kjersti Toppe om å øke andelen institusjonsplasser i ideelle barnevernsinstitusjoner (Innst. 329 S (2025–2026), jf. Dokument 8:250 S (2025–2026))
Innlegget
La meg vere like tydeleg no som eg prøvde på før i dag: Regjeringa ynskjer ein langsiktig og betydeleg andel ideelle i barnevernet. Barn som treng det, skal få ein god og tilpassa institusjonsplass. Det har eg sagt mange gonger, og eg kjem til å gjenta det i mange av debattane me skal ha. Dei ideelle har ei viktig rolle i å sikre kapasiteten til dette. Det har eg formidla direkte til dei ideelle aktørane i eigne møte, og me har gjeve tydelege føringar om dette i styringa av Bufdir. Dei siste åra har me sett utfordringar med både kapasitet og kvalitet, samtidig som kostnadene har auka. Difor har me prioritert betydelege midlar, og prioriterer tiltak for å styrkje arbeidet med bl.a. grunnkapasiteten i barnevernet. Grunnkapasiteten er auka med 14 pst. sidan 2021, og som me har vore innom fleire gonger tidlegare i dag, har me heldigvis fått ned talet på brot på bistandsplikten betydeleg. Det er redusert med om lag to tredelar frå 2024 til 2025. Framover no skal me gradvis omstille institusjonstilbodet til meir fleksible institusjonar, som betre kan vareta barn med ulike behov. Då skal me ha høgare kapasitet, fleire langsiktige avtaler og ein reduksjon i omfanget av enkeltkjøp. Dette vil samla sett gje eit godt grunnlag for eit fagleg samarbeid med aktørane på feltet for utvikling av tilbodet, og Arbeidarparti-regjeringa har eit tydeleg ynskje om å inkludere dei ideelle leverandørane i dette. Eg ynskjer eit styrkt ideelt tilbod, men eg meiner det har høg risiko å setje eit nytt prosentmål no. Konsekvensane er uklare, men vil definitivt vere store. Det vil vere risiko ved å bestemme ei stor strukturell endring parallelt med andre omfattande, krevjande endringar i institusjonsbarnevernet. Regjeringa meiner at eit langsiktig arbeid med alle seriøse aktørar er nødvendig for å sikre stabilitet og kvalitet. Me vore tydelege på at det skal vere eit betydeleg innslag av ideelle, men òg at kommersielle aktørar vil ha ein plass. Stabilitet og langsiktigheit er avgjerande for den faglege utviklinga. Me har som nemnt tiltak for å redusere omfanget av enkeltkjøp og auke grunnkapasiteten. Akuttberedskapen blir i hovudsak driven i offentleg regi allereie, og me arbeider for å sikre at kapasiteten tek høgde for variasjonar i etterspurnaden. I sum handlar dette om å skape eit robust og fleksibel institusjonstilbod som varetek behova til barna, samtidig som me sikrar god økonomisk styring. Dette er ein felles innsats, og eg meiner me er på rett veg.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat