Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 11. jun 2026

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentant Kjersti Toppe om å øke andelen institusjonsplasser i ideelle barnevernsinstitusjoner (Innst. 329 S (2025–2026), jf. Dokument 8:250 S (2025–2026))
Innlegget
Eg ynskjer fleire ideelle med i barnevernet, men både representanten og eg har ei felles erfaring, og det er at å setje prosentmål i seg sjølv ikkje nødvendigvis fører til fleire ideelle inn i det statlege barnevernet. Eg meiner at den fremste oppgåva mi no for å sikre at ungane får det tilbodet dei treng, er, nummer éin, å sikre styring og kostnadskontroll i sektoren. Nummer to er få ned talet på brot på bistandsplikta. Me må, som eg sa i innlegget mitt, dra lasset saman, så me kjem til å trenge både ideelle og kommersielle når det gjeld å sikre at me ikkje har brot på bistandsplikta, og at me klarer å omstille institusjonsbarnevernet i det kvalitetsløftet me er einige om at me treng.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat