Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 11. jun 2026

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentant Kjersti Toppe om å øke andelen institusjonsplasser i ideelle barnevernsinstitusjoner (Innst. 329 S (2025–2026), jf. Dokument 8:250 S (2025–2026))
Innlegget
Eg svarar det same: Eg ynskjer fleire med. Eg har vore veldig tydeleg i styringssignal med Bufdir og òg i dialogen med dei ideelle om at eg ynskjer at me skal ha ein betydeleg andel av ideelle i institusjonsbarnevernet. Særleg på grunn av erfaringa vår med prosentmål – eg vil gå så langt som å seie den felles erfaringa vår – vil eg heller gjere det på ein annan måte. Me må sikre at me faktisk greier å få ned talet på brot på bistandsplikta. Det har vore alvorleg – det sa representanten sjølv frå talarstolen her tidlegare i dag. Då meiner eg at måten å gjera det på er å inkludere dei ideelle, akkurat som Arbeidarpartiet har føreslått i innstillinga. Eg vil vere varsam med å fastsetje prosentmål eller -tal fordi her må me jobbe saman for å sikre eit best mogleg tilbod til dei ungane som treng ein barnevernsinstitusjon.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat