Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 11. jun 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ida Lindtveit Røse, Jorunn Gleditsch Lossius, Jørgen H. Kristiansen og Harry Valderhaug om å innføre 13-årsgrense på kjøp av smarttelefon (Innst. 330 S (2025–2026), jf. Dokument 8:236 S (2025–2026))

Innlegget

Eg, som mange andre, deler intensjonane bak dette forslaget på alle moglege måtar. Eg registrerte i dag tidleg at i Politisk kvarter på radioen blei det annonsert ein ny allianse, ein «sunn fornuft»-allianse. Han ser ut til å slå sprekkar allereie, men lat no det liggje. Eg er veldig glad for at Kristeleg Folkeparti, Høgre, SV – i grunnen nesten alle parti i Stortinget utanom Framstegspartiet – er med regjeringa i både mål og ynske om å regulere og gjere den digitale oppveksten for ungane våre mykje tryggare. Det er ingen tvil om at me må gjere mykje for å klare det – rett og slett fordi me ikkje kan ha det slik at det er algoritmar som oppdreg ungane våre. Me kan ikkje ha det slik at store tekselskap no meir eller mindre kjem inn på barnas soverom når dei er veldig, veldig små. Eg meiner det er fleire ting ein òg kan gjere sjølv i ljos av óg det foreldreansvaret mange peikar på. Helsedirektoratets råd har blitt refererte frå talarstolen. Eg meiner me bør følgje dei. Barn under 13 år bør ikkje vere åleine med internett. Det betyr i grunnen at dei heller ikkje bør ha ein smarttelefon. Eg meiner òg at FAU-ane, som me no ser engasjerer seg over heile landet, frå nord til sør. Dei tek grep, akkurat slik representanten frå Raudt viser til. Eg har besøkt mange av dei. Og det at veldig mange av oss foreldre no blir einige om å utsetje kjøp av smarttelefon til f.eks. ungdomsskulen, fører til at veldig mange færre gjer det. Me ser òg av rapportane me fekk frå Medietilsynet, at for fyrste gong går bruken av mobiltelefon no ned blant barn og unge. Det har me ikkje sett før, så eg har veldig tru på at me gjer meir politisk, som aldersgrense i sosiale medium, at me får mobilen ut av klasserommet, at me implementerer digitaltenesteloven i Norge, og at me som er foreldre organiserer oss saman og lagar gode avtaler. Det gjer at barnet ikkje kan seie at alle andre får det også. Det veit me alle saman at det kan vere ganske krevjande. Eg heiar på smarttelefonfri barndom, eg heiar på FAU-gjengen eg møtte i Tromsø i førre veke, som har innført noko dei kallar sosiale medium-fri ungdomstid. Dei tek det eit knepp lenger. Saman er eg sikker på at me kan få til ein tryggare digital oppvekst for ungane våre om me vågar å regulere det som kan fungere, og at me saman med foreldra unngår at barn får f.eks. smarttelefon før ungdomsskulen.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat