Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 11. jun 2026

SakInnstilling fra finanskomiteen om Finansmarkedsmeldingen 2026 (Innst. 379 S (2025–2026), jf. Meld. St. 9 (2025–2026))
Innlegget
Renteauken kjennest verkeleg på kroppen til barnefamiliar og unge i etableringsfasen med høge bustadlån. Og renteauken kjennest i byggje- og anleggsbransjen, der vi har sett konkursar og aukande arbeidsløyse. Men renteauken merkast ikkje berre på lommeboka til folk og bedrifter, ein merkar renteauken også i velferda. For ein gjeldstyngd kommunesektor og sjukehus med store investeringar går pengane til å betale renter framfor å betale hender. Så rente- og pengepolitikken er svært viktig for oss alle. Renta blir sett av sentralbanken, og sentralbanken skal vere uavhengig, men no når vi evaluerer mandatet til sentralbanken, er det heilt nødvendig og bra for tilliten at vi denne våren har fått ein reell offentleg debatt om pengepolitikken i Noreg. Inflasjonsmålet på 2 pst. som vi har i dag, blei bestemt i ei heilt anna tid, 2018. Det var før korona, før Ukraina-krigen og før Trump sitt angrep på Iran. Det blei sagt at inflasjonsstyringa skal «være fremoverskuende og fleksibel, slik at den kan bidra til høy og stabil produksjon og sysselsetting». Men ettertida har vist at det blei inflasjonsmålet som gjekk føre. For vi er fleire, LO, Eiendom Norge og ei rekkje økonomar, som meiner at rentehevingane til Noregs Bank den siste tida er feil medisin når prisveksten kjem som eit kostnadssjokk utanfrå, slik ein såg med krigen i Ukraina og no krigen i Iran. Og mange av oss er jo redde for at konsekvensen har blitt høgre arbeidsløyse og fleire konkursar enn nødvendig. For sjølv om nokre ledigheitstal viser låg arbeidsløyse, viser AKU-tala at arbeidsløysa aukar, og spesielt blant personar i alderen 25 –39 år, noko som tyder på at arbeidsmarknaden generelt er i ferd med å bli svekt. Derfor er vi fleire som meiner at sysselsetjing og produksjon må bli likestilte i inflasjonsmålet i det nye mandatet. Stenginga av Hormuzstredet har i tillegg vist oss kor sårbar oljeøkonomien vår er. Derfor fremjar vi også forslag om at omsynet til grøn omstilling må bli inkludert i mandatet. Noreg er særeige på mange vis. Ikkje berre er vi ein stor oljenasjon, vi er også særeigne i måten vi bestemmer løningane på. Over tiår har våre sterke institusjonar i arbeidslivet, gjennom frontfagsmodellen, bidratt til å halde løns- og prisveksten stabil og redusere risikoen for varig høg inflasjon. Skal rentepolitikken ha legitimitet og sentralbanken gjere sin jobb, treng vi at evalueringa av mandatet tek inn over seg breidda i rente- og inflasjonsforskinga, og ikkje minst at vi i Noreg byggjer våre modellar på nettopp dei spesielle særtrekka ved norsk lønsdanning. Eit av hovudargumenta for å halde inflasjonsmålet på 2 pst. er at det er det målet dei fleste andre landa rundt oss har. Men då er det viktig å vite at land reknar forskjellig. For eksempel har Eiendom Norge lenge påpeikt at vi risikerer å lage vår eigen inflasjonsspiral når leigeprisane utgjer ein så stor del av måten vi måler inflasjonen på. Derfor er det veldig gledeleg at ein samla komité meiner det er klokt at ein tek ei vurdering av val av prisindeks samtidig med evalueringa. Lommeboka til folk er ikkje berre avhengig av den rentepolitikken som Noregs Bank fører, men også av renta til den banken dei faktisk har lånet sitt i. For den renta som kjem opp på mobilkontoen, er jo betydeleg høgre enn den renta som Noregs Bank set. Samanliknar vi oss med andre land, har norske bustadlånkundar også her høgre rente i bankane sine enn f.eks. i Sverige og Danmark. Dette er eit resultat av manglande konkurranse i bankmarknaden. Det er nedslåande å lese høyringssvara frå både Forbrukarrådet og LO mfl., som er tydelege på at fem bankar og kjeder i grunnen kontrollerer 80 pst. av marknaden. Det er ikkje rart at DNB kunne levere eit resultat på 9,9 mrd. kr i første kvartal 2026. Her skor verkeleg bankane seg på høg rente og manglande konkurranse, og vanlege folk betaler prisen. Men det er ikkje berre bustadlånet som gjer det vanskeleg for folk. Dessverre har vi sett ein vill vekst i usikre lån og forbrukslån, med skyhøge renter. Folk blir fanga i langvarige gjeldsproblem og ender opp med å betale mange gonger det dei først lånte. Derfor fremjar vi ei rekkje forslag som gjer det vanskelegare og mindre lønsamt å innvilge kreditt til folk som ikkje har moglegheit til å betale for det, og slik hindre at fleire hamnar i djup kredittkortgjeld. Ingenting vedrører folk så mykje som kva som merkast på lommeboka. Rentepolitikken er ikkje unnateke politikk, han er politisk, gjennom at vi politisk bestemmer rammene for pengepolitikken og mandatet til sentralbanken. Vårens debatt har vore nødvendig, og eg håper vi held fram med debatten når vi no skal gå inn i sluttrunden på evalueringa av det operative mandatet til pengepolitikken til Noregs Bank. Med dette tek eg opp SV sine forslag i saka.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat