Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 12. jun 2026

SakInnstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om Endringer i folketrygdloven (utvidet arbeidsulykkesbegrep og tydeliggjøring av bevisbyrden) (Innst. 443 L (2025–2026), jf. Prop. 93 L (2025–2026))
Innlegget
Dette er ei svært gledeleg sak. Med denne lovendringa vil vi gje eit betre økonomisk vern for dei som rammast av yrkessjukdom. Senterpartiet vil takke alle som har kjempa i årevis for rettferd, likebehandling og betre ivaretaking av arbeidstakarar i yrker med høg risiko og belasting. For å sitere leiaren i Norsk sjukepleiarforbund: «Det kan ikke være sånn at du får erstatning om du skader ryggen ved å løfte betong på en byggeplass, men ikke når du tar imot et menneske på en helseinstitusjon.» For landets sjukepleiarar og helsefagarbeidarar er dette ein viktig dag. Mange kvinneyrke vil i dag få betre yrkesskadeerstatning, og det er også ei viktig likestillingssak. Lovendringa skal gje eit meir rettferdig yrkesskaderegelverk og likebehandling av arbeidstakarar i risikoyrker, som ambulansetenesta, brann- og redningsvesenet, politi, fengsel og Forsvaret, der det er påkravd med øving og trening. Eg vil også ta fram at saka i dag er ein siger for dei mange som arbeider i brannvesenet og feievesenet, som i mange år har kjempa for å verte tekne på alvor når det gjeld kreftfaren i yrket. Senterpartiet er glad for at ein no innfører ein presumpsjonsregel, som gjer det mogleg å få godkjent yrkessjukdom òg der årsakssamanhengen er vanskeleg å dokumentere, særleg ved sjukdom som utviklar seg over tid. No vert det forvaltninga som eventuelt må bevise manglande årsakssamanheng, ikkje den enkelte arbeidstakar. Denne regelen om omvendt bevisbyrde er svært viktig, og regelen må vere reell i praksis. Senterpartiet meiner det er på høg tid å endre gjeldande krav om at ei arbeidsulykke skal vere ei uventa hending og at belastninga må vere usedvanleg i forhold til det som er normalt i vedkomande sitt arbeid. Å ta bort denne såkalla relativiseringa vil gje eit rettferdig og realistisk erstatningsmessig vern som står meir i forhold til yrkesrisikoen. Senterpartiet stemmer i dag for komiteen si tilråding A og B II og III. Senterpartiet stemmer imot forslag til vedtak I under B. Dette gjer vi fordi vi merkar oss merknadar frå komiteen om at lova skal likebehandle tilsette i ulike yrke, og at forsvarsministeren i svar til representanten Agnes Nærland Viljugrein skriv: «Forslaget vil derfor etter Forsvarsdepartementets vurdering sikre at en skade som har oppstått som følge av en risiko som er typisk for trening, øvelse eller operativ virksomhet i Forsvaret vil falle inn under arbeidsulykkebegrepet. Hensynene bak en særordning for Forsvarets personell tilsvarende de som politiet og kriminalomsorgen i dag har, er derfor ikke lenger tilstede hvis regjeringens forslag i Prop 93 L (2025-2026) vedtas.» Dette er ein gledesdag, og vi er glade for det no vert ordna opp i det som lenge har vore etterlengta.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat