Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. jun 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakInnstilling fra næringskomiteen om Endringer i støtteprosessloven (registreringsplikt) (Innst. 441 L (2025–2026), jf. Prop. 91 L (2025–2026))

Innlegget

Openheit er eit gode, og Senterpartiet støttar denne lovendringa. Eg synest det er gjort godt greie for det av fleire. Eg vil likevel knyta nokre kommentarar til dette. Når eg les proposisjonar frå regjeringa, får eg ofte den følelsen at hjartet for omsynet til det offentlege er mange gonger større enn hjartet for omsynet til private aktørar. Dette handlar jo om ei registreringsplikt. Eit anna felt der ein har registreringsplikt, er våpen. På våpen har ein digitalisert, og ein har gjort forenklingar. Kva vart konsekvensen for brukarane? Jo, ein tre–firedobbelt auke i enkelte av gebyra. No er dette riktignok noko Senterpartiet er i forhandlingar om i revidert budsjett, men viss ein skal lykkast med å gjera ting enklare, kan ikkje folk oppleva at det vert dyrare, for me har system av omsyn til folk. Me har ikkje folk av omsyn til systemet. Eg og Senterpartiet er opptekne av at ein ikkje skal gå lenger enn det ein er forplikta til å gjera. Statsråden skriv i brev til komiteen at ein ikkje har planar om gjera noko med beløpsgrensa. Det er bra. Sjølv om regjeringa har moglegheit til å gjera noko med beløpsgrensa, vil eg på det sterkaste anbefala regjeringa å ikkje gjera det utan å ha støtte i Stortinget. Det er sånn at same kor effektivt og enkelt ein gjer det, vil alle pålegg om rapporteringar vera ei byrde for nokon. Så ein kommentar til Høgre, som snakka om éin regel inn, éin regel ut. Ja, men når det gjeld landbruk her, har jo Høgre oppdaga at dei slepp å registrera seg. Kan me no gjera noko litt slemt mot landbruket? Kan det vera sånn at me skal begynna å laga eit regime som gjer at bøndene som får straumstøtte, i framtida må rekna ut konsekvensen av det og rapportera inn? Ein skal rapportera inn, og ein skal ha eit register over jordbruksstøtta og alt som ein får. Viss ein er oppteken av forenkling, må ein jo gjera minst mogleg byråkratisering for alle delar av samfunnet, og der sviktar Høgre grovt. Til slutt: I ei tidleg utgåve av innstillinga låg Senterpartiet inne i forslag 1, om å gjennomgå alle støtteordningar. Det forslaget støttar me ikkje, for me veit at når FrP og Høgre skal gjennomgå alle støtteordningar, har dei til hensikt å kvitta seg med ordningar som er viktige for Senterpartiet sitt mål å byggja heile Noreg.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Geir Pollestad (Senterpartiet) — Innlegg · 12. jun 2026 — OverStortinget