Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. jun 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakInnstilling fra næringskomiteen om Endringer i lov om tilskudd til sysselsetting av arbeidstakere til sjøs (Innst. 439 L (2025–2026), jf. Prop. 84 L (2025–2026))

Innlegget

Norske sjøfolk og norske maritime verksemder, som reiarlaga, er ein svært viktig del av vår beredskap og vår sikkerheit. Det har historia vist oss. Det at me har norske sjøfolk, er òg grunnlaget for ei svær maritim næring. Eg vil påstå at utan sjøfolk ville me ikkje hatt den maritime næringa me har i dag. Dette har vore ei sak med litt av ei utvikling – frå ein start der departementet gjekk inn for ei løysing som fekk knallhard kritikk frå Sjøfartsdirektoratet. Det var i praksis ei ordning for å finansiera utflagging. Så har det gått mange rundar. Eg opplever nok at statsråden og regjeringa – iallfall statsråden – kraftig undervurderte den sprengkrafta som ligg i denne saka, og det engasjementet som er for å oppretthalda ei norsk maritim næring, når den modellen som regjeringa opprinneleg peikte på, ville hatt store negative konsekvensar. Eg skal gje regjeringa ros, då dei forstod alvoret, for å ha vore konstruktive. Det å involvera partane har vore svært viktig. Me har samla oss om ei løysing der me har teke inn og endra lovteksten som regjeringa føreslo, slik at me no slår fast at skipsfarten som beredskapsressurs òg skal vektleggjast. Me har fått til ei einigheit om at ein skal gå i dialog med ESA og starta ein formell notifikasjonsprosess for å vidareføra ordninga, med ei grunngjeving om beredskap og sikkerheit. Det bør det vera moglegheiter for å nå igjennom med. Eg er usikker når motstanden kjem, for den vil koma. Om me lykkast, kjem heilt an på regjeringas vilje og evne til å kjempa for norske interesser og dei interessene Stortinget har peikt på. Eg trur ikkje det vert ei enkel sak å få gjennomslag for det, men ordren frå Stortinget er veldig tydeleg: Her skal ein stå hardt på krava, rett og slett fordi dette er så viktig for sikkerheita og beredskapen vår. Me jobba heilt fram til me leverte innstillinga. Den nestsiste merknaden – som er frå FrP, SV, Raudt og KrF – er ikkje Senterpartiet ein del av. Eg vil for protokollen sin del seia at Senterpartiet heilhjarta støttar innhaldet i den merknaden, som er nestsist i innstillinga.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat