Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. jun 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakInnstilling fra næringskomiteen om Endringer i lov om tilskudd til sysselsetting av arbeidstakere til sjøs (Innst. 439 L (2025–2026), jf. Prop. 84 L (2025–2026))

Innlegget

Eg gløymde i det fyrste innlegget mitt å takka saksordførar og komitéleiar for innsatsen i denne saka. Han har vore særdeles bra. Så skal eg ikkje på ein fredag bidra til å forlengja debatten, men når representanten frå FrP seier at Framstegspartiet alltid stiller opp for norske sjøfolk, er det viktig berre for historieskrivinga sin del å minna om at det ikkje gjaldt då ein behandla lov om norske løns- og arbeidsvilkår i norske farvatn. Då var FrP på feil side. Det eg eigentleg tok ordet for, var ein kort kommentar til statsråden sitt innlegg. Eg og Senterpartiet er litt urolege for korleis regjeringa vil følgja opp dei vedtaka som Stortinget gjer i dag. Når statsråden seier at ein vil søkja å forlenga ordninga, med den grunngjevinga at ein skal undersøkja moglegheita for å vidareføra dagens ordning, vil eg minna om forslag IV, som ligg an til å verta einstemmig. Det lyder: «Stortinget ber regjeringen arbeide for å videreføre dagens tilskuddsordning for sjøfolk» – og sentralt – «gjennom formell notifikasjonsprosess med ESA». Det er noko anna enn å undersøkja moglegheita for. Det betyr å ta kampen. Eg legg berre til grunn at regjeringa vil følgja opp det Stortinget har vedteke, nemleg å opna ein formell notifikasjonsprosess.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat