Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. jun 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakInnstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Forsvarsløftet – Økte rammer og prioriteringer i Langtidsplanen for forsvarssektoren (Innst. 440 S (2025–2026), jf. Prop. 68 S (2025–2026))

Innlegget

Det er ein styrke at Stortinget står samla om å styrkja den nasjonale forsvarsevna. Det lovar godt i tilfelle me skulle koma i ein kritisk situasjon der vår fysiske sikkerheit eller demokratiet blir trua av ytre makter. Samtidig er det ikkje eit mål i seg sjølv å vera einige. I den offentlege debatten, godt hjelpt av fleire parti, høyrest det ut som at berre me brukar mest mogleg pengar på forsvar, så har me trygga landet. Hovudsaka har vore å skru opp beløpa og helst overoppfylla NATO sine meiningslause prosentmål. Det er ei avsporing, og det gjorde at me i SV var i tvil om det var verdt å inngå endå eit forsvarsforlik. Det er ingen kunst og bruka mykje pengar på forsvarsformål, særleg ikkje i ei tid der våpenselskapa skrur opp prisane. Å bruka fellesskapet sine pengar på kjøp av våpen frå USA hadde òg vore den enklaste måten å prøva å blidgjera Trump, men me hadde ikkje blitt tryggare av det. Om auka forsvarsbudsjett i tillegg skal gå ut over velferd og tryggleik i kvardagen, vil det undergrava det samfunnet og dei verdiane me skal forsvara. Eg meiner at dette spørsmålet må mykje lenger fram i debatten: Kva skal me forsvara? Om me ikkje klarer å stå opp for demokratiet, rettsstaten og velferdsstaten, er forsvarssatsinga lite verd. Heldigvis er debatten i dag meir nøktern og verkelegheitsnær enn å overby kvarandre med milliardar. SV har òg fått vesentlege gjennomslag i forliket som gjer at me kan stilla oss bak det. Ikkje minst handlar det om nasjonal kontroll på Forsvarets data- og IKT-system, der me no tek viktige steg i rett retning, og det handlar om å behalda personell. At militært tilsette får pensjon på hovuddelen av inntekta si, er det viktigaste enkelttiltaket for å behalda dei dyktige fagfolka me allereie har, og dei nye som kjem til. Å styrkja den nasjonale forsvarsevna handlar om så mykje meir enn kor mange milliardar me brukar. Forsvaret må fungera. Styringssystema må bli langt betre, og me treng fast tilsett personell til å operera og vedlikehalda, understøtta og handla. Kort sagt: Me treng ein betre forsvarspolitikk – ikkje berre meir pengar. Det er ein ting som forundrar meg, og det er påstanden om at norsk sikkerheitspolitikk ligg fast. Det er ikkje sant. Grunnsteinen i norsk sikkerheitspolitikk har i mange tiår vore å klamra seg til USA-masta. Dette forsvarsforliket markerer starten på at me løyser grepet om den masta.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat