Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. jun 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakInnstilling fra næringskomiteen om Endringer i lov om tilskudd til sysselsetting av arbeidstakere til sjøs (Innst. 439 L (2025–2026), jf. Prop. 84 L (2025–2026))

Innlegget

I stad debatterte me korleis me kan styrkja den nasjonale forsvarsevna. Det ville ha vore eit stort paradoks viss me same dag skulle ha gjort vedtak som effektivt svekte forsvarsevna og totalforsvaret. Heldigvis gjer me ikkje det i dag. Den norske sivile flåten har mange andre viktige funksjonar. Å ha norskregistrerte skip, norske sjøfolk og norsk maritim kompetanse er avgjerande for ein havnasjon, som Noreg jo er. Me lever av havet og ressursane i havet, og skal me kunna fortsetja med det, må me ta vare på og vidareutvikla den kompetansen og den samla maritime klynga. I krise og krig er det ikkje mindre viktig å ha norske skip og norske sjøfolk. Den sivile flåten er langt større enn den militære og heilt avgjerande for å få forsyningar fram og for å ha oversikt og kontroll langs kysten og på havet. At me har norske sjøfolk på desse skipa, blir ikkje mindre viktig i tider då spørsmål om lojalitet og plikt blir sette på spissen. Eit lovforslag som la til rette for storstilt utflagging og tap av maritim kompetanse, var difor ikkje aktuelt for SV å støtta. Eg forstår at det heller ikkje var regjeringas primære ønske, men å gje etter for EUs krav om å opna tilskotsordninga for alle skip med EU/EØS-flagg ville hatt den verknaden. Eg er difor glad for at Stortinget no samlar seg om å vidareføra dagens tilskotsordning for sjøfolk. Me står saman om å gje beskjed til ESA om at norsk sikkerheit og beredskap i stor grad kviler på at me har nasjonal kontroll på skip, og at det er norske sjøfolk om bord. Ei EØS-tilpassing av tilskotsordninga vil undergrava dette og er ikkje akseptabelt etter SV si meining. Eg vil takka ei samla næring og dei andre partia for ein god prosess. Gjennom dialog har me kome fram til den lovendringa som blir lagd fram i dag, og føringane for den vidare prosessen. Slik gjer me det me kan for å vidareføra og styrkja Noregs stolte sjøfartshistorie.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Ingrid Fiskaa (Sosialistisk Venstreparti) — Innlegg · 12. jun 2026 — OverStortinget