Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. jun 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakInnstilling fra næringskomiteen om Endringer i lov om tilskudd til sysselsetting av arbeidstakere til sjøs (Innst. 439 L (2025–2026), jf. Prop. 84 L (2025–2026))

Innlegget

Eg vil følgja opp tråden frå førre innlegg. Eg må seia at eg òg blei noko uroleg når eg høyrde statsråden sitt innlegg, der ho snakkar om dialog og bruker ord som «undersøke mulighetene», og der ho, så vidt eg klarte å høyra, seier at Stortinget no gjer ei lovendring som gjev opning for å tilpassa ordninga slik og slik. Eg vil berre seia at frå SV sin ståstad – og eg vil anta frå stortingsfleirtalet sin ståstad – vil det ikkje vera i tråd med det me no gjev fullmakt til, viss regjeringa kjem tilbake med motsett resultat, nemleg ei EØS-tilpassing av denne tilskotsordninga som gjer at det blir lagt til rette for utflagging. Det regjeringa no får fullmakt til, er uttrykt i den nye formålsparagrafen i lova og dei sju andre tilrådde forslaga som me vedtek seinare i dag. Det er ikkje meininga frå Stortinget si side at ein no berre skal ha ein koseleg dialog med ESA og så sjå kva som kjem ut av det. Viss ein kjem tilbake med motsett resultat, er det ikkje i tråd med det stortingsfleirtalet forventar.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat