Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. jun 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakInnstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om Endringer i folketrygdloven (utvidet arbeidsulykkesbegrep og tydeliggjøring av bevisbyrden) (Innst. 443 L (2025–2026), jf. Prop. 93 L (2025–2026))

Innlegget

Eg kjem direkte frå å ha overhøyrt ein pressekonferanse frå regjeringa om Helsepersonellplan 2040. Vi manglar 22 000 årsverk, og det som iallfall er heilt sant, er at utan helsepersonell vil ikkje helsevesenet vårt gå rundt. Nokre av forslaga som vart lanserte i dag, var at ein skulle tetta dette gapet ved at helsepersonell skulle stå lenger i jobb, at helsepersonell skulle utsetja det å gå av med pensjon, at fleire skulle jobba fulltid, og at helsepersonell i mindre grad skulle verta sjukmelde. Dette er viktige ting, men det er òg slik at dette får vi ikkje til viss ikkje vi kan gi helsefolka våre ein garanti for at vi skal ta vare på dei om dei vert sjuke av arbeidet sitt. Vi må gi dei ein garanti for at dei skal ha tryggast mogleg arbeidsmiljø, og at dei skal ha same rett som andre til å kunna få ei god yrkesskadeerstatning. Difor er det veldig bra for arbeidet med å få nok helsefolk i framtida at ein gjer desse vedtaka i dag, med bl.a. ei oppdatert sjukdomsliste, omvend bevisbyrde og så vidare. Eg veit at representanten Geir Inge Lien har tatt dette sitatet før i dag, men det er veldig rett på, det som Norsk Sykepleierforbund har sagt – at det er urettferdig at det til no har vore slik at om ein løftar ein pasient i helsevesenet og skadar ryggen, så får ein ikkje same erstatninga som om ein skadar ryggen ved å løfta betong på ein arbeidsplass. Dette er ei veldig, veldig viktig sak. Helsesektoren representerer ein stor kvinnearbeidsplass – det jobbar heldigvis menn der òg, men dette angår veldig mange kvinner, og vi treng at dei får den respekten som dei fortener, og at dei klarar å stå i arbeid lenger. Det er òg viktig å visa til andre yrke med risiko. Fleire har nemnt Brannmenn Mot Kreft, Fagforbundet og Norsk Sykepleierforbund, som har stått opp og kjempa i denne saka. Vi i Senterpartiet er veldige glade for å ha vore med på fleirtalsforslaget både i fjor vår og i dag, når vi vedtar desse endringane.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat