Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. jun 2026

Stig Even Lillestøl
Stig Even Lillestøl
Fremskrittspartiet·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra næringskomiteen om Endringer i støtteprosessloven (registreringsplikt) (Innst. 441 L (2025–2026), jf. Prop. 91 L (2025–2026))

Innlegget

Kvart år blir det delt ut fleire titals milliardar kroner i offentleg støtte, og trenden er aukande under Arbeidarparti-regjeringa. Eit velfungerande og opent støtteregister er viktig for å gi betre grunnlag for å kunne evaluere ordningane. Openheit vil òg gjere det enklare å vurdere om det er hensiktsmessig å gje støtte, om det bør kuttast, eller om det bør gjerast andre endringar. Denne lovendringa vil òg ha betydning for å avverje bedrageri og bidra til å auke tilliten til det offentlege. Det er òg ein fordel at pressa kan bruke Støtteregisteret i sitt samfunnsoppdrag. Eit opent og meir komplett register vil gjere det enklare å hente ut relevant statistikk og rapportering, og kaste lys over ordningar med overlappande mål og diffuse kriterium. Konkursen av Morrow, som fekk støtte i milliardklassa, er eit tydeleg eksempel på risikoen ved at staten forsøkjer å plukke ut vinnarar i næringslivet gjennom massive subsidiar. Når subsidiebruken blir så omfattande som regjeringa over tid har lagt opp til, er det viktig at det offentlege har innsyn i omfanget og mottakarane. Eg ser positivt på at Støtteregisteret blir lovfesta som eit offentleg register, all den tid ein ikkje pålegg verken støttegjevarar eller støttemottakarar nye materielle plikter. Openheit om bruk av midlane til fellesskapet er ein føresetnad for demokratisk kontroll. Eg vil òg understreke at eit av formåla med lovendringa er å harmonere norsk praksis med EØS-regelverket for like vilkår mellom landa vi handlar mest med. Eg ser òg lovendringa i samanheng med at Økokrims leiing tidlegare i år har åtvara mot eit aukande omfang av det dei kallar tilskotskriminalitet. Utnytting og direkte misbruk av offentlege støtteordningar er et utbreitt problem, òg for ordningar i næringslivet. Direktoratet for forvaltning og økonomistyring har anslått at det i 2018 eksisterte rundt 600 tilskotsordningar som blei forvalta av 90 tilskotsforvaltarar. Ein gjennomgang med mål om å redusere og forenkle denne tilskotsjungelen er heilt nødvendig. Berekningar frå skatteetaten viser ifølgje Regnskap Norge at dette forslaget kan medføre ei auka rapporteringsbyrde for små og mellomstore bedrifter, under dette auka omfang av dobbelt- og trippelrapportering. Ei medlemsundersøking frå NHO viser at fire av ti bedrifter i stor eller ganske stor grad opplever dobbeltrapportering under forvaltningspraksisen av i dag. Difor vil FrP gjennomgå alle offentlege tilskotsordningar med mål om å redusere antalet og forenkle tilskotsforvaltninga. Vi vil og be regjeringa implementere lova slik at auka rapporteringsbyrde berre blir lagd på sentralforvaltninga, og at dette må løysast gjennom smartare digitale løysingar for å unngå auka byråkrati. Eg tar opp forslaget Framstegspartiet er med på.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat