Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 15. jun 2026

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Abid Raja og Grunde Almeland om bedre togtilbud og gjenåpning av togstrekninger på Østlandet (Innst. 358 S (2025–2026), jf. Dokument 8:282 S (2025–2026))
Innlegget
For Senterpartiet er dette spørsmålet grunnleggjande. Vi skal bruke og ta vare på den jernbaneinfrastrukturen vi allereie har, slik at ein gjev best mogleg tilbod for folk og for næringsliv i heile landet. Som det står i innstillinga, meiner fleirtalet, der Senterpartiet inngår, at etablert jernbaneinfrastruktur skal verte brukt og ivaretatt best mogleg for å bidra til eit effektivt transportsystem både for personar og for godstransport. Det er eit viktig prinsipp for oss. Jernbanen er avgjerande både for dei som er avhengige av tog i kvardagen, og for næringslivet, som treng effektive og føreseielege transportløysingar. Difor må vi i større grad sjå på heilskapen og samanhengen mellom persontrafikk og godstrafikk og kva slag strekningar som faktisk bidreg til det samla transportsystemet. Samtidig må vi vere ærlege om situasjonen. Jernbanen står i dag overfor betydelege utfordringar, med eit stort vedlikehaldsetterslep som skapar forseinkingar og svekkjer tilliten til tilbodet. Difor seier Senterpartiet at det framover er viktigare å prioritere drift, vedlikehald og fornying. Det betyr ikkje at vi skal seie nei til utvikling, tvert imot, men vi må prøve å gjere ting i rett rekkefølgje. Vi må sikre at det vi har, faktisk fungerer. Det er eit heilt sentralt grep. Å byggje ut fleire kryssingsspor rundt om i landet er òg utruleg viktig. Det er heilt avgjerande for å auke kapasiteten, betre punktlegheit og leggje til rette for både gods på bane og fleire og meir stabile avgangar for passasjerar. Når det gjeld forslaga om å gjenopne strekningar som Eidsvoll–Dal og Hokksund–Roa, er det rett at faglege vurderingar peikar på utfordringar, men vurderingane kan ikkje berre handle om lite passasjergrunnlag isolert sett. Vi må òg sjå på kva funksjonar slike strekningar kan ha i det samla jernbanesystemet, for avlastning, fleksibilitet og utvikling av både gods- og persontransport. Likevel er det avgjerande at prioriteringane blir gjort i ein heilskapleg og ansvarleg samanheng. Difor meiner Senterpartiet at slike spørsmål må inngå i arbeidet med neste Nasjonal transportplan, der vi kan vurdere kapasitet, behov, kryssingsmoglegheiter og økonomiske samanhengar.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat