Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 15. jun 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakInnstilling fra næringskomiteen om Endringer i statsbudsjettet 2026 under Landbruks- og matdepartementet (Reindriftsavtalen 2026/2027) (Innst. 442 S (2025–2026), jf. Prop. 92 S (2025–2026))

Innlegget

Det er veldig bra at landbruket har sin forhandlingsrett. Jordbruket har sin jordbruksavtale, reindrifta har sin reindriftsavtale – fordi dette er to næringar som skil seg litt frå ordinær næringsverksemd. Landbruk handlar, som namnet seier, om bruk av land, det handlar om bruk av areal. Det er òg ei næring som er avhengig av vêret og av klimaet – forhold som den enkelte næringsutøvaren ikkje sjølv kan påverka. Reindrifta er òg ei kulturberande næring som er spesielt viktig for det samiske i Noreg. Forhandlingsretten er viktig for Senterpartiet. Eg registrerer at i denne innstillinga er Framstegspartiet det partiet som vel å ikkje respektera forhandlingsretten som Stortinget har gjeve næringa. Høgre er for forhandlingsretten for reindrifta, men ikkje for jordbruket, så det er jo ein interessant nyanse der òg. Ein konsekvens av å støtta forhandlingsretten er at når det er inngått ein avtale, då støttar me han. Det er positivt at den økonomiske ramma er auka, og innretninga har òg veldig mange positive trekk. Det er kanskje ikkje alt Senterpartiet er hundre prosent einig i, men det er heller ikkje poenget, for når reindrifta har ein rett til å forhandla, ja, då skal ein kontrollera om dette i tråd med dei føringane som Stortinget har gjeve for næringa. Det meiner eg at årets reindriftsavtale er, difor støttar me han. Det vert ofte peikt på arealkonfliktar, og det er ingen tvil om at det er ei reell problemstilling for reindrifta, men samtidig er det sånn at dei partia som er mest opptekne av arealkonfliktane, er dei som er mest opptekne av å ta vare på rovdyra. Det er etter Senterpartiet sitt syn viktig at på dei areala der det vert utøvd reindrift, må ein ha ein betydeleg strengare rovdyrpolitikk enn det ein har i dag. Det er ille å sjå at Stortinget ikkje evnar å gjera noko med dei tapa ein har til ørn, og dei dyrelidingane som ørna forårsakar – at Stortinget sit stille og ser på det. Difor er Senterpartiet med på eit forslag i dag som peiker på rovdyrproblematikken, og at me løftar han høgare. Ønskjer ein å ha ei samisk reindriftsnæring, ja, då må ein òg vera villig til å sjå på forvaltinga av ørnebestanden vår.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat