Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 15. jun 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakInnstilling fra næringskomiteen om Endringer i statsbudsjettet 2026 under Landbruks- og matdepartementet (Reindriftsavtalen 2026/2027) (Innst. 442 S (2025–2026), jf. Prop. 92 S (2025–2026))

Innlegget

Eg vil knyta ein kommentar til dette med forhandlingsretten opp mot Stortinget og det at ein inngått næringsavtale vert behandla i Stortinget, og viktigheita av at han faktisk vert vedteken. Tidlegare i debatten vart det sagt at Høgre vurderte avtalen ut frå kva dei som parti meinte. Då er eigentleg mitt spørsmål – viss eg skal ha eit spørsmål, noko eg jo ikkje treng: Når ein lagar rammene for avtalen og forhandlingane og staten sitt tilbod og grunnlag, tek ein då ei vurdering ut frå dei enkelte partia sine partiprogram, eller tek ein utgangspunkt i dei føringane som Stortinget har gjeve for reindriftsnæringa?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat