Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 15. jun 2026

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Rune Midtun, Bård Hoksrud, May Helen Hetland Ervik, Trond Helleland, Aleksander Stokkebø, Jonas Andersen Sayed og Jørgen H. Kristiansen om salg av Haugesund Lufthavn Karmøy (Innst. 357 S (2025–2026), jf. Dokument 8:284 S (2025–2026))
Innlegget
Her kjem soloppgangen over Haugesund lufthamn, og han er grøn og vakker. Senterpartiet er for Avinor-modellen. Det skal det ikkje vera tvil om. Det er ein føresetnad for å ha eit flyplasstilbod i heile landet. I Senterpartiet er me òg veldig trygge på eigen flyplassdrift, så det å tola nokre unntak meiner me berre styrkjer Avinor-modellen. Det viktigaste i denne saka er å sikra eit godt flytilbod for folk og næringsliv på Haugalandet. Det er ein viktig del av lufthamnstrukturen på Vestlandet. Det meiner me det skal vera òg etter at Rogfast opnar i 2033. Me hadde primært ønskt å forbetra den avtalen som låg. Det var ifølgje departementet og regjeringa ikkje mogleg å gjera. Då måtte me sjå på kva andre alternativ me hadde. Eg skal ikkje eingong prøva å forklara at dei vedtaka eller vilkåra som ligg i forslaget, er noko Senterpartiet har sete aleine og klekt ut. Me har snakka med Arbeidarpartiet. Me har lese det forslaget som er lagt fram. Me har snakka med lokale politikarar og næringslivet på Haugalandet. Det er på den bakgrunn me har funne ut at viss me ønskjer å selja, er spørsmålet kva rammer me kan gjera det innafor. Det skal ikkje vera nokon tvil: Dette forslaget inneber eit reelt ønske om å leggja til rette for sal av flyplassen, men òg eit veldig sterkt ønske om at lufthamndrifta på Karmøy skal fortsetja. Så til dei enkelte vilkåra. Dei to fyrste – nasjonale sikkerheitsinteresser og funksjon som beredskapsressurs – ligg allereie i Dokument 8-forslaget, så det treng eg ikkje gå inn på. Slik eg forstår eige forslag om luftfartsformål, er det på sett og vis den same avgrensinga eller moglegheita som Avinor har på sine eigedomar. Der er det hotell, og det er moglegheit til å utvikla lufthamnrelatert verksemd. Senterpartiets forslag opnar ikkje for å etablera gokartbane på rullebanen. Det er veldig opplagt at det er nokre ytterpunkt her. Me er opptekne av at salsprosessen ikkje skal gje eit driftsavbrot. Det tek me inn. Difor stemmer me ikkje for forslag nr. 2, frå Arbeiderpartiet. Viss dette viser seg ikkje å føra fram, må Avinor på banen for å sikra lufthamna for folk og næringsliv. Med det tek eg opp forslag nr. 1, frå Senterpartiet.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat