Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 15. jun 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Rune Midtun, Bård Hoksrud, May Helen Hetland Ervik, Trond Helleland, Aleksander Stokkebø, Jonas Andersen Sayed og Jørgen H. Kristiansen om salg av Haugesund Lufthavn Karmøy (Innst. 357 S (2025–2026), jf. Dokument 8:284 S (2025–2026))

Innlegget

Eg er glad for den støtta som er varsla til Senterpartiets forslag, og eg vil gjenta at det er eit forslag som er utvikla basert på representantforslaget og dialog med andre parti og lokale aktørar. I forslaget vårt står det om nokre omsyn som skal verta ivaretekne. Når det vert sagt at det skal vera ein statleg forkjøpsrett, er det for å sikra det viktigaste, at dette arealet i framtida framleis skal drivast som flyplass til beste for folk og innbyggjarar på Haugalandet, uavhengig av kven som er eigar. Når det vert stilt spørsmål om arealbruken og kva ein kan bruka eigedomen til, vil eg visa til at dette er ei problemstilling som òg gjeld på Avinors eigedomar. Oppi dette er det òg noko som heiter lokal og regional arealplanlegging. Der har ein mange gonger òg utfordringar med at når Avinor legg planar, tek ein ikkje alltid nok omsyn til kva ein har tenkt lokalt og regionalt. Eg meiner at representanten Hoksrud kraftig undervurderer intelligensen til folk på Haugalandet når han tek opp eksempelet: Kva skjer om det vert 34,99 pst. offentleg eigarandel? Dei vil jo ikkje stilla seg i den situasjonen. Dei vil sørgja for at ein har det som trengst, og om ein har 34,99 pst. offentleg eigarandel, vil ein sørgja for å få 35 pst. offentleg eigarandel når ein gjer dette. Representanten Hoksrud prøver seg òg på ein liten frekkis og vil dela opp forslaget. Senterpartiet er for eit sal på vilkår, me er ikkje for eit sal for salet si skyld. Me er for å godta eit sal om visse omsyn vert ivaretekne, og difor er det nettopp eit sjølvstendig poeng å ha ei samla votering over salet, kva for omsyn som skal gjelda, og kva som skal skje om salet ikkje går gjennom. Ein kan ta eit anna eksempel for å visa det same. Då FrP hadde lyst til å selja Kongsberg Gruppen, ville dei selja det utan å stilla nokon som helst vilkår. Det var eit særdeles dramatisk ønske. Det ønsket ville ha vore mykje mindre dramatisk om FrP hadde sagt at ein ikkje skulle selja til Kina eller Russland – men det gjorde dei ikkje. Senterpartiet ville nok likevel ikkje støtta nedsalet, men det ville påverka innhaldet i forslaget. Sånn er det òg for Haugesund lufthamn. Senterpartiet støttar eit sal. Me ønskjer at det skal gå gjennom om omsyna kan verta innfridde. Og det aller viktigaste for oss er: Det skal framleis vera lufthamndrift på Haugesund lufthamn, òg etter at Rogfast har opna.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat