Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg vil takka forsvarsministeren for utgreiinga. Me står i ei tid der tryggleiken vår vert utfordra på nye måtar. Krigen i Ukraina og auka spenning krev meir sikkerheitspolitikk og at Noreg styrkjer forsvaret sitt betydeleg. Difor er Senterpartiet glad for den einigheita som var om langtidsplanen for forsvarssektoren i 2024, og den einigheita som var bak justeringa av planen. Senterpartiet har over tid vore opptekne av forsvar og beredskap. Me registrerer at stadig fleire deler det engasjementet. Den uføreseielegheita som me opplever, gjer at ein må kunna respondera raskare på endringar i trusselbildet, men samtidig sikra langsiktig og heilskapleg utvikling. Me har ein forsvarssektor som har vore prega av for dårleg gjennomføringsevne og ansvarspulverisering. Det må ein ta tak i. Når ambisjonane aukar, må òg krava til styring og kontroll skjerpast. Eg er glad for at forsvarsministeren sa at me ikkje er i mål. Eg trur det er ei forventning om effektivitet, men det er òg sånn at ein må skilja mellom feil og kriminalitet. Eg trur me må akseptera feil. Ulovlegheiter og kriminalitet må me reagera mot. Det er ikkje god økonomi å bruka to kroner på å avdekkja feil for éi krone. Me må òg ha effektivt tilsyn og effektiv kontroll, og noko av det må òg moglegvis skje i ettertid. Langtidsplanen inneber store investeringar, rask opptrapping og omfattande utvikling av struktur, personell og kapasitet. Me veit at gjennomføringa av dette ikkje er enkel. Kostnadene aukar, leveransetidene er lange, og den teknologiske utviklinga går raskt. Det gjer at me som folkevalde treng å vera tettare på gjennomføringa enn det ein har vore tidlegare. Eg skal, i likskap med fleire før meg, nemna talet 1 854 mrd. kr, som er det me skal bruka på Forsvaret dei neste åra. Det handlar ikkje berre om dei 1 854 mrd. kr. Den endra sikkerheitspolitiske situasjonen endrar alle måtar me tenkjer politikk på – ikkje berre forsvarspolitikken, men miljøpolitikken, næringspolitikken og distriktspolitikken. Når me i Senterpartiet har vore ivrige for Heimevernet, har me ofte vorte skulda for at me driv med distriktspolitikk – for det var visstnok ikkje Heimevernet som var in i tida. Det er noko me ikkje vert møtte med no lenger. Eg er glad for at mange parti lærer. Forsvaret er avhengig av tillit og legitimitet i befolkninga. Då treng me openheit, synlege resultat og god forvaltning av ressursane til fellesskapet. Den rapporteringa til Stortinget som skjer, treng å verta meir presis og etterprøvbar. Ein treng rett og slett å ha betre innsikt i det som skjer. Det betyr at rapporteringa må verta meir jamleg og meir systematisk. Det er teke opp i debatten at folk går frå politikk og forvaltning og over til industrien, eller motsett. Det byr sjølvsagt på nokre utfordringar. Dei forventar Senterpartiet at ein handterer, men eg trur ikkje me må koma dit at me ikkje godtek det, for det gjev òg nokre moglegheiter. Det er ein fordel at industrien veit korleis forvaltninga tenkjer, og det er ein fordel at forvaltninga veit korleis industrien tenkjer. Avslutningsvis: Målet med dette er like mykje å avskrekka fiendar som å imponera Riksrevisjonen. I jakta etter feil må ein ikkje leggja til grunn ein nulltoleranse. Ein må akseptera feil, men eg trur det er svært viktig at ein slår knallhardt ned på det når det er ulovlegheiter og kriminalitet.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
