Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 15. jun 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakInnstilling fra næringskomiteen om Endringer i statsbudsjettet 2026 under Landbruks- og matdepartementet (Reindriftsavtalen 2026/2027) (Innst. 442 S (2025–2026), jf. Prop. 92 S (2025–2026))

Innlegget

Reindrifta er ei viktig næring. Det er òg mykje meir enn ei næring. Reindrifta har ei heilt sentral betydning som berar av samisk kultur, språk og tradisjonell kunnskap. Reindrifta er som sagt ikkje berre ei næring, men òg ein grunnleggjande del av det materielle og kulturelle grunnlaget for samisk samfunnsliv. Taus kunnskap blir overført frå generasjon til generasjon og er avhengig av rammevilkår som sikrar at dette er mogleg. Reindrifta har førstehandskunnskap både om berekraftig ressursutnytting, og om korleis ein tilpassar seg omgjevnadene. Dette har stor overføringsverdi for storsamfunnet i dei omstillingane me må gjera i møte med klima- og naturkrisa. I tillegg bidrar reindrifta til nasjonal beredskap og matsikkerheit. I ei tid som er prega av klimaendringar, geopolitisk uro og auka merksemd om sjølvforsyning, er det viktig å oppretthalda og styrkja naturbaserte næringar som byggjer på lokal ressursutnytting og tradisjonell kunnskap om bruk av utmarksressursar. Reinkjøt representerer kortreist matproduksjon med lågt klimaavtrykk og høg kvalitet. Ei levande reindrift bidrar til busetjing, arbeidsplassar og verdiskaping i store delar av Distrikts-Noreg. Reindrifta skaper sysselsetjing, både direkte og indirekte, gjennom slakting, foredling, transport, kunsthandverk, reiseliv og andre tilknytte næringar. Satsing på reindrifta er difor òg viktig distriktspolitikk. Det er òg difor SV ikkje er einig med høgrepartia, som vil at reindrifta skal utviklast til å bli meir «markedsorientert», som det står i merknadene. Det vil vera å pressa reindrifta inn i ein liten boks som ikkje har rom for dei ulike verdiane som reindrifta er berar av. SV vil òg understreka kor viktig det er å sikra arealgrunnlaget for reindrifta. Aukande arealpress gjennom kraftutbygging, gruvedrift, hyttebygging og anna utbygging utfordrar berekrafta i næringa og dermed òg grunnlaget for samisk kulturutøving. Det er difor nødvendig med ein politikk som i større grad ivaretek rettane og dei langsiktige rammevilkåra i reindrifta.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Ingrid Fiskaa (Sosialistisk Venstreparti) — Innlegg · 15. jun 2026 — OverStortinget