Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 16. jun 2026

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Kommuneproposisjonen 2027 (Innst. 448 S (2025–2026), jf. Prop. 94 S (2025–2026))

Innlegget

Ordet velferdsstat blir hyppig brukt i debattane i denne salen, men i realiteten er det kommunesektoren som er den store velferdsytaren i samfunnet vårt. Det er kommunane som skal sikre at vi har nok varme hender i eldreomsorga vår, det er kommunane som skal sikre at ungane våre kan gå i trygge barnehagar og på gode skular. Vi i denne salen har ansvaret for å leggje til rette for at kommunane har eit godt fundament for å gjere den jobben, og vi må vakte oss for overdriven detaljstyring av kommunane, for landet er ulikt. Dei ulike måtane kommunane løyser oppgåvene sine på, fører til litt variasjon – ja – men det er målretta i forhold til situasjonen i kommunen. Senterpartiet er glad for at Stortinget i den seinare tida i større grad har teke inn over seg det store statlege styringstrykket, og at det er gjort fleire vedtak det siste året som skal bidra til å forenkle og redusere overstyringa, men det står framleis igjen mykje arbeid. Kommunane og fylkeskommunane våre er også heilt sentrale i samferdselspolitikken. Difor er eg stolt over at Senterpartiet gjennom forliket om revidert nasjonalbudsjett sikrar 1 mrd. kr meir til fylkesvegane. Over tid er det blitt aukande forskjellar i standarden mellom fylkesvegane og riksvegane våre. No gjev vi eit ekstra handslag til fylka i arbeidet med å vedlikehalde fylkesvegane våre. Det løyser på langt nær alle utfordringane, men det er viktig at vi også frå staten si side viser at vi ser situasjonen rundt på fylkesvegane og støttar fylka i det arbeidet. Eg er glad for forslaga som ligg føre om å løfte fram det viktige arbeidet med rassikring på fylkesvegane våre. Eit løft på dette området vil bety mykje for dei som ferdast rundt på rasfarlege vegar i landet. Gledeleg er det òg at fleirtalet vil styrkje ferjeavløysingsordninga. Å erstatte ferjer med fastlandssamband der det ligg til rette for det, er fornuftig økonomi for samfunnet vårt og bidreg til ein lettare arbeidskvardag for folk og næringsliv langs kysten vår. Eg er nøydd til å seie eit par ord om skule. I dag har Riksrevisjonen lagt fram ein rapport som eigentleg er ganske knusande, om norsk utdanningspolitikk. Dei gjentek at fleire timar, ein meir teoritung skule og meir testing ikkje har gjeve betre, men har gjeve dårlegare resultat. Vi må tenkje nytt om skulepolitikken. Det er ein stor debatt. Men vi veit at det som betyr noko, er at kommunane har ressursar til å byggje eit godt apparat rundt læraren, ressursar for læraren i skulekvardagen, og til å skape ein god skule lokalt. I det bildet synest eg det er trist at ikkje Stortinget vil gå for Senterpartiets forslag om å forplikte seg til meir pengar til kommunane gjennom kommuneproposisjonen neste år.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat