Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 16. jun 2026

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Kommuneproposisjonen 2027 (Innst. 448 S (2025–2026), jf. Prop. 94 S (2025–2026))
Innlegget
Eg vil starta med å takka komiteen og saksordføraren for ein god og ryddig prosess i arbeidet med kommuneproposisjonen. Dette er den fyrste kommuneproposisjonen i denne perioden, og det er vel den 13. kommuneproposisjonen som eg er med og debatterer i denne sal. Faktisk er det den kommuneproposisjonen der eg føler Stortinget har kunna sett mest farge på debatten. Det skuldast kanskje at det er ein regjering som er avhengig av veldig mange parti for å få fleirtal, og at Stortinget har vorte revitalisert, noko denne innstillinga ber eit stort preg av. Eg trur det er ein styrke for demokratiet at Stortinget får lov å setja sin farge på ei så viktig sak som denne. Eg vil òg takka komitéråden, tekstsenteret og alle som står bak arbeidet som gjer at me kan leggja fram ei innstilling. Det har vore jobba både seint og tidleg med å få på plass denne innstillinga. Når me ser på proposisjonen, innleiar regjeringa med nokre fine ord om viktigheita av beredskap. Det er naturleg at ein snakkar om beredskap i totalberedskapsåret. Dei understrekar noko Framstegspartiet er heilt einige i, nemleg at Noreg står i den mest alvorlege sikkerheitspolitiske situasjonen sidan andre verdskrig. Det er eit alvorleg bakteppe. Einigheita stoppar eigentleg der, med beskrivinga av situasjonen. Når det gjeld å anerkjenna kommunane si rolle i totalberedskap og beredskapsarbeid, skulle me gjerne sett at kommunane var utstyrte med fleire verktøy, fullfinansiert, og ikkje minst at dei fekk vita kva forventningar ein har til dei for å løysa dette viktige oppdraget. Det blir viktigare og viktigare for kommunar å stå i det, på grunn av både den sikkerheitspolitiske situasjonen og på grunn av naturfenomen og andre ting som gjer at kommunane må handtera beredskap meir aktivt framover enn det dei har gjort fram til i dag. Difor har Framstegspartiet fleire forslag. Eit me gjerne skulle sett at me fekk fleirtal for, er å understreka at staten skal gjera kommunane kjende med kva forventningar staten har til kommunane i beredskapsarbeidet. Me ser at veldig mange statsforvaltarar fører tilsyn med kommunar, og det blir funne avvik. Det hadde vore viktig at kommunane fekk klargjort kva rolle dei har. For Framstegspartiet er det viktig at kommunane òg får fullfinansiert dei forventningane me har til dei på beredskapsområdet. Kommuneproposisjonen handlar ofte om kommuneøkonomi. Det er viktig for kommunane kva handlingsrom dei har for å kunne levera gode tenester til innbyggjarane sine. Eg registrerer at Arbeidarpartiet no har begynt med ein ny retorikk. Før snakka dei om den førre regjeringa, altså den regjeringa som Framstegspartiet var ein del av i ein periode. Så begynte dei å snakka om den raud-grøne regjeringa etterpå. No har dei endra takt og snakkar om då Arbeidarpartiet sat aleine i regjering. Om det er fordi dei meiner at det er så mykje betre å sitja aleine i regjering enn å sitja i regjering med Senterpartiet, skal ikkje eg ha sagt noko om, men eg registrerer at når det kjem til kommuneøkonomi, er tidslinjeskiljet når Arbeidarpartiet sat aleine i regjering og då Arbeidarpartiet hadde statsministeren og ansvar for kommuneøkonomien. Eg forstår jo eigentleg at dei ikkje vil ta ansvar for heile perioden, fordi om ein samanliknar dei åtte åra med blå regjering med dei fem åra med raud-grøn regjering, var kommuneøkonomien sterkare i dei åtte åra med blå regjering. Det var lettare å vera lokalpolitikar då enn det er å vera lokalpolitikar i dag. Det er fleire kommunar på ROBEK i dag enn då me var med og styrte. Då me var med og styrte, bygde kommunane opp store reservefond som dei i dag tærer på. Det er eit faktum at kommuneøkonomien var mykje betre før, og at kommuneøkonomien har vorte svakare i dei seinare åra under denne regjeringa. Det er mange grunnar til det. Det har vore ei prisstiging på mange område. Renta har gått opp. Sjølv om Arbeidarpartiet på trikken sa at renta skulle gå ned, har renta gått opp. Det har vorte dyrtid, òg for kommunar. Men dei har eit ansvar for ikkje å finansiera kommunesektoren og å sitja og sjå på at kommunane får stadig større utgifter, og at det blir vanskelegare å vera kommunepolitikar. Når det gjeld kommuneøkonomi, vil Framstegspartiet at kommunane i hovudsak skal leva av eigne inntekter meir enn av overføringar frå staten. Der skil eg meg litt frå Arbeidarpartiet sin tankegang, som ser ut til å vera at mest mogleg av pengane skal inn til staten, og så skal det fordelast ut igjen til kommunane basert på nøklar og ulike fordelingsmekanismar. Me trur at det er smartare at det er ei kopling mellom lokal verdiskaping og lokale inntekter, sånn at viss kommunar legg til rette for havbruk, vasskraftproduksjon og andre viktige ting, skal det vera ein andel som blir igjen lokalt direkte. Då blir det ei kopling mellom lokal verdiskaping. Me skulle gjerne òg gjort det meir overfor næringslivet – at ein større andel av det næringslivet bidrar med av selskapsskatt, hadde ei kopling til lokale inntekter. På den måten ville ordførarar og kommunepolitikarar stått opp om morgonen og tenkt på korleis dei kan leggja til rette for meir næringsliv i sin kommune, heller enn at dei står opp og tenkjer på korleis dei skal påverka staten for å auka inntektene. Der er det ein stor forskjell på korleis Framstegspartiet tenkjer og korleis Arbeidarpartiet legg opp kommuneopplegget, der meir og meir skal utjamnast, og meir og meir skal inn i Finansdepartementet og fordelast ut igjen. Kommuneproposisjonen handlar om tenester. Eg skal omtala ein del av dei tenestene som er viktige for oss. Då startar me sjølvsagt med eldreomsorg, som alltid ligg Framstegspartiet sitt hjarte nær. Me er opptekne av at kommunane skal vera i stand til å levera god eldreomsorg. Me ser at det blir fleire og fleire eldre. Demografien utviklar seg i den retninga. Då er me nøydde til å ha bygg, og me er nøydde til å ha kompetanse som kan levera god eldreomsorg til dei som har bygd landet vårt. Difor vil me ha ein oppgåvegjennomgang, som fleire har teke til orde for. Då kan ein sjå på kva type kompetanse skal gjera kva type oppgåver. Då blir me attraktiv som arbeidsgjevar fordi ein blir sett til det ein har utdanna seg som, og me må bruka ressursane smart, sånn at me fordeler kva oppgåver som skal gjerast, mellom ulike profesjonar. Det er eit viktig arbeid som blir gjort. Det er òg viktig at me har kompetanse. Denne proposisjonen har handla ein del om kompetansekravet, som kommunekommisjonen ville ta vekk. Der har me lytta til Sykepleierforbundet og andre gode innspel, som understrekar kor viktig det er med kompetanse i tenesteproduksjonen. Me føreslår difor at me går vekk frå prosessen regjeringa no skal ha om å ta vekk kompetansekravet. Det ser ikkje ut til at nokon parti er einig med oss i dag om å avslutta den prosessen. Me vil understreka at me treng kompetanse innanfor helse- og omsorgssektoren. Då er det tull å køyra ein prosess om å ta vekk noko som heilt openbert må vera der. På den andre skalaen er barnehage viktig for oss. Me var pådrivaren for barnehageforliket i si tid. Då var det ei uløyst oppgåve som vart løyst gjennom politisk samarbeid frå venstre- og høgresida, der private fekk ein viktig plass. Difor klarte me å få full barnehagedekning, og me fekk mangfald innanfor barnehagesektoren, med mange private aktørar. Det var ei suksesshistorie. Det me har sett etterpå, er at dei raud-grøne partia har begynt å kalla dei som hjelpte oss med å løysa den oppgåva, for velferdsprofitørar. Me ville aldri teke sånne ord i vår munn om dei som løyser ei offentleg oppgåve på ein god måte. Me ser òg at ein stadig går i retning av å gjera det vanskelegare for private barnehagar å levera dei gode tenestene fordi ein svekkjer pensjonsordninga og likebehandlinga. Det er noko me har forslag om her og vil følgja opp: Private barnehagar skal likebehandlast, og dei skal sjølvsagt få dekt sine pensjonsforpliktingar. Innanfor skule registrerer me at fullføringsreforma er bra, og at fleire tar vidaregåande opplæring, men me ser at fylkeskommunane ikkje opplever at det er fullfinansiert. Dei har fått over 10 000 fleire elevar. Det er viktig at sånne reformer blir fullfinansierte. Det er òg viktig at me satsar på yrkesfag, og at me samarbeider med næringslivet om å skapa lærlingplassar. Arbeidet vårt med å skapa ro i klasserommet og sørgja for at læraren er sjefen, må fortsetja. Der synest me at regjeringa kunne lytta meir til Framstegspartiet sine gode forslag og sørgt for at ein har fleire verktøy enn berre informasjonsdeling ved skulebytte. Me må sørgja for å gje både læraren og skulen fleire verktøy til å kunne sørgja for ro og orden. Når me no nærmar oss eit kommuneval om litt meir enn eitt år, er me midt i ein nominasjonsprosess. Eg vil takka alle dei som har gjort teneste og dei som no vurderer å stilla seg disponibel for folkestyret og demokratiet. Eg synest det viktigaste me kan gjera, er å seia at me stoler på folkestyret, òg lokalt. Ser me korleis styringstrykket har vorte overfor kommunane, kan me vel kanskje ikkje seia at det går i riktig retning, og at folkestyret får meir plass. Det går nok heller i den retninga at ein rettsfestar ulike ordningar i stor grad og sørgjer for at kommunepolitikarane blir overstyrte av statsforvaltar spesielt, fordi regjeringa har laga eit rundskriv som gjer at det blir byråkrati hos statsforvaltarar, som bestemmer meir enn folkestyret i kommunar. Eg kunne håpt at me hadde gjeve tillit til dei som folket skal velja i kommunane om litt over eit år, og sørgja for at det er dei som skal ta viktige avgjerder for sine innbyggjarar, meir enn ein tilfeldig byråkrat hos statsforvaltaren. Difor har me lagt fram mange forslag i denne perioden som gjeld å redusera statsforvaltaren sin overstyring og å sørgja for at folkestyret får betre vilkår i arealpolitikken. Me er veldig glade for at me har fått med oss Kristeleg Folkeparti, Høgre og Senterpartiet på ein del fleirtalsvedtak. No er det viktig at regjeringa følgjer dei opp på ein god måte, sånn at folkesty
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat